Utvalde kulturlandskap i jordbruket – Nordmarksplassar i Oslo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 13.08.2021
Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket (UKL) er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.
På Nordmarksplassane har slått, skjøtsel og tilbakeføring og gjenopning av slåtte- og beitelandskapet vore prioriterte tiltak i åra med i Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Svartorseter, Blankvannsbråten, Finnerud og Slagtern har alle artsrike blomsterenger.
Dei fire plassane har sine særpreg og unike blomsterartar, og dei siste åra har insekta fått ein ekstra merksemd. Finnerud har i tillegg fått besøk av byantikvaren og arkeologar som graver i plassens historie.
På benken til Ragnar Svartor på Svartorseter har mange turgåarar, slåttekursdeltakarar, forskarar og arkeologar kvilt seg dei siste åra. Herifrå kan dei nyte synet av blomsterprakta som rammer inn den vakre plassen. På Blankvannsbråten har Anders og Tone slått og raka stadig større område med slåttemark og rydningsrøyser. Oslo kommunes kystgeiter har i år den første sommarjobben sin på Finnerud.
Insekt i engene
Det er spanande å følgje kartlegginga av insekt for å få meir kunnskap om det biologiske mangfaldet i engene og kunne tilpasse skjøtselen. Totalt er det kartlagt 420 insektartar på dei fire plassane, der 12 er rødlista, og dermed trua. Ein stor del av artane er knytt både til enga og til skogen ved at dei vaksne insekta er blomsterbesøkere, medan larvane utviklast i død ved.
Kartlegginga har dessutan gitt fleire nye skjøtselstilrådingar. Målet er å skape stor variasjon i livsmiljø, med mange ulike nisjar for insekta gjennom hele livssyklusen deira. Desse tilrådingane gjeld mange andre stadar også:
- Ikkje slå heile engarealet kvart år, men la det stå igjen nokre mindre flekkar med engvegetasjon ut sesongen.
- Bevar daud ved i eller nær engene.
- Bevar noko lauvtrekratt samt større seljetrær.
- Bevar nokre område med «ugrasartar» som bringebær, stornesle og tistlar.
- Bevar/skap opne, soleksponerte bakkar med sandjord.
- Jobb for å bevare gamalskogpreget i den omkringliggjande skogen ved å bevare eldre trær og ved å la daud ved liggje og brytast ned naturleg.
Her kan du lese om insektsfunn og skjøtselsråd for dei fire markaplassane:
-
Kartlegging av insekter på Finnerud og Svartorseter
i Oslo kommune i 2018 (pdf) - Kartlegging av insekter på Blankvannsbråten
og Slagtern i Oslo kommune i 2017 (pdf)
– Å ta vare på vår natur- og kulturarv krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. Det er arbeidet som vert lagt ned på Nordmarkplassane framifrå eksempel på.
I 2021 er det med midlar frå miljø- og landbruksforvaltninga satt av til saman 38 millionar kroner for å ta vare på dei 46 utvalde kulturlandskapa vi har i Noreg. Dette er jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Spor av finner på Finnerud?
Eit ofte stilt spørsmål om plassanes historie handlar om skogfinnanes tilknyting til Nordmarka. Er Finnerud verkeleg ein finnebuplass, slik vi skulle tru frå namnet?
Byantikvarens arkeologar har i 2018 og 2019 gjort utgravingar av ein hustuft med bevart grunnmur. Kulturlandskapet rundt er også registrert og kartfesta, med blant anna rydningsrøyser og steingardar. I tillegg til å vere eit utvald kulturlandskap i jordbruket, er det også interessant med tanke på ny kunnskap om skogfinnane som nasjonal minoritet i Noreg. Finnemanntalet frå 1686 viser at det var etablert ein skogfinsk befolkning i Sørkedalen på dette tidspunktet, og i følge munnlege kjelder blei Finnerud rydda av Sakarias finne på 1600-talet.
Målet med utgravingane
Det er gjort ein god del interessante gjenstandsfunn i tufta, og Byantikvaren har no ein ganske god ide om både datering og husets planløysing. Dei foreløpige resultata viser at tufta blei forlatt tidleg på 1800-talet, truleg som resultat av brann. Det dreier seg om eit nokså stort hus (10,5 x 7,5 m) med to rom og eldstad på veggen inne i huset, noko som er ein ganske uvanleg rominndeling.
Dei arkeologiske funna har til no ikkje kunne knytte bebuarane av tufta til finnekulturen, eksempelvis gjennom funn av røykomn eller andre typiske trekk ved skogfinsk byggeskikk. Planen for årets undersøking er å fortsette utgravingane, men i tillegg ta ut pollenprøver frå utvalde dyrkingsflater i nærleiken for å få nærmare svar på kva som blei dyrka, og om det kan påvisast spor etter svibruk.
– Desse kulturlandskapa, med heilskapen av tun, innmark og utmark inneheld store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Desse verdiane er avhengige av framleis bruk, skjøtsel og vedlikehald for å haldast ved lag, og ordninga med utvalde kulturlandskap gjer bonden og grunneigarane draghjelp til å oppnå dette, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Markajentene
Rita Finnerud bor og drifter serveringa på Finnerud. Hun har mange matskattar og historier å fortelje frå livet i Nordmarka. Et bakstehus med steinomn er bygd opp på dei gamle murane og brukast til baking av tradisjonell bakst med gamle kornsortar. Rita var med å starte småskala foredlingsbedriften Markajentene, som lager delikatesseprodukt av lokale råvarer frå Marka. Bedrifta har nyleg utvida produksjonen og flytta inn nye lokale ved butikken i Sørkedalen.
- Les meir på www.markajenter.no
Ringbarking mot gjengroing
Nordmarksplassane ligg på øyer av slåttemark og åkerlappar rundt gamle setervollar og husmannsplassar i skogen. På Slagtern har Ottar Slagtern testa ut ringbarking som metode i kampen mot gjengroing på eit gamalt og gjengrodd sauebeite.
Før arbeida starta i 2016 var dette eit dels gjengrodd område med mye naturleg forynga gran under ein skjerm av lauvtrær. Over tid ville grana ha tatt over og skygga ut bakkevegetasjonen. Ottar starta med hogst av gran, noko bjørk og selje. Men dei store ospene som sto igjen, ville gitt eit kraftig oppslag av rotskott om han hadde hogd dem på tilsvarande måte.For å unngå bruk av plantevernmiddel, blei ringbarking vald som metode. Sjølve jobben med ringbarking blei gjennomført i sevjetida med vanleg øks. Deretter sto feltet urørt i fire år fram til våren 2020, då ospene som ikkje sette nye blad blei fjerna. Ottar har slått med ryddesag under ringbarka trær i ca. to år før hogst.
Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket
Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.