Utvalde kulturlandskap i jordbruket – Rennesøy i Rogaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 25.08.2021
Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket (UKL) er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.
UKL-Rennesøy har lokalitetar med ei bruk- og busettingshistorie på rundt 9 -10 000 år. Historia visast att i gravhaugar, torvhus, piggsteingardar, steingardar, gamle ferdselsårar og nausttuftar. På platået dominerer kystlynghei og grashei. Kystlyngheiområda er eit resultat av brenning og beiting gjennom generasjonar. Fleire av dei over 480 planteartane i dei bratte sør-vestvendte hellingane på Dale er trua. Fem av planteartane har Rennesøy som einaste veksestad i Noreg. Artsmangfaldet kjem av i generasjonar med aktiv landbruksdrift, stor variasjon i jordsmonn, særs milde vintrar og varme somrar. Områda er lett tilgjengeleg og mykje nytta av turgåarar.
– I Rennesøy finn vi jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Å ta vare på desse kulturlandskapa krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. I 2021 er det med midlar frå miljø- og landbruksforvaltninga satt av til saman 38 millionar kroner for å ta vare på dei 46 utvalde kulturlandskapa vi har i Noreg, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Over 10 år med satsing har resultert i mange tiltak som har hatt som mål å ivareta og synleggjere verdiane i UKL-Rennesøy.
Aktiv landbruksdrift sikrar at beitedyra reduserer attgroing av kystlynghei og anna areal med verdfull biologisk mangfald i heile UKL-Rennesøy. Sau og anguskyr held buskas, einer og ugras nede og til fordel for planteartar som trivs i ope lende.
Mangfaldet av eldre og nyare tids kulturminne er eit særpreg i Rennesøy. Taket på den store steinløa frå 1841 er restaurert i tradisjonell grindstil. Bygdeborga frå folkevandringstida på Hodnetoppen, steingardar og piggsteingardar er og restaurert. Gamle torvbuar kom fram når kratt av einer ble fjerna frå kystlyngheia. Det er sett opp informasjonsskilt på utvalde kulturminne.
Ivaretaking av kystlynghei og biologisk mangfald held fram. Fornying av kystlynghei gjennom stegvis brenning og styrt beiting har vore prioritert på Rennesøy. Grunneigarar, frivillig brannvesen, eldsjeler og lyngbrennarane på Hauglandet er blant dei som på kort varsel har stilt opp når forholda låg til rette for å brenne. Moderne utstyr er teken i bruk for å få gjennomført ein styrt brenning. I nokre brattskrentar veks det så godt at ei auke i beitedyr må vurderast framover.
Tilrettelegging for friluftsliv byr på utfordringar da den store auken i turgåarar er til stor belastning på verdfullt areal langs turstiane. Enkelt vedlikehald av turstiane er ikkje nok. Turstiar med størst belastning har blitt grusa opp. Grunneigarar som ikkje ønska gruslegging på sine turstiar fekk hyra inn sherpaer til steinlegging av noko av dei mest belasta turstiane sin eigedom. Fleire parkerings-plassar som er anlagt for turgåarar er utvida og informasjonsskilt er sett opp. Frivillige har sørga for merking og vedlikehald av turstiar.
Næringsutvikling har vært eit satsingsområde i Rennesøy. Nokre grunneigarar stifta «Røsslyngen beitelag». Dei fekk med støtte frå UKL-midlar bygd eit lite gardsutsal på ein av gardane. Restriksjonar grunna korona førte til at beitelaget nyleg ble avvikla. Dei mista sin hovudkundegruppe i reiselivsnæringa på Nord-Jæren. Av to lokale reiselivsaktørar står Sjøberg Ferie att som samarbeidspart med UKL-grunneigarar.
– Desse kulturlandskapa, med heilskapen av tun, innmark og utmark inneheld store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Desse verdiane er avhengige av framleis bruk, skjøtsel og vedlikehald for å haldast ved lag, og ordninga med utvalde kulturlandskap gjer bonden og grunneigarane draghjelp til å oppnå dette, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Stavanger kommune har forvaltningsansvaret for UKL-Rennesøy. Dei planlegg å hyre Østlands-forskning til å evaluere UKL-satsinga på Rennesøy. Delar av UKL-området ble NiN-kartlagt i 2020 medan dei resterande områda er på lista for NiN-kartlegging framover. Etter evalueringa og NiN-kartlegginga er utført ønskjer kommunen å oppdatere forvaltningsplana for UKL-Rennesøy.
Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket
Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.