Utvalde kulturlandskap i jordbruket - Skárfvággi/Skardalen i Troms og Finnmark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 18.08.2021
Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket (UKL) er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.
Skárfvággi/Skardalen er ei sjøsamisk fjordbygd som har lang samisk brukshistorie. I dei siste 200 åra har det også vore norsk og innslag av kvensk busetting. Sjøen, skogen og jorda har vore ressursgrunnlaget for bygdas fiskarbøndar, med småbruk i bratt terreng på terrassar langs fjorden. Små jordstykke mellom gamle vegar, steinrøyser, steingjerde og åkerholmar har vore haldne i hevd utan maskinell drift. Det har skapt urterike slåtteenger og beitemarker. Reindriftslandskapet i dalen og høgfjellet har røter langt tilbake. Fjære og strandenger har vore brukt til beite, slått og hausting av tang. Bygda blei brent under krigen. Dei fleste bustadane er frå gjenreisningstida, med preg av gjenreisningsfunkis. Her er også provisoriske gjenreisningsbygningar av gjenbruksmateriale, særs godt bevart. Ljåslått og beitedyr er viktige for skjøtselen av området.
– Å ta vare på kulturlandskap som Skárfvággi/Skardalen krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. I 2021 er det med midlar frå miljø- og landbruksforvaltninga satt av til saman 38 millionar kroner for å ta vare på dei 46 utvalde kulturlandskapa vi har i Noreg. Dette er jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Store kulturhistoriske verdiar
Skárfvággi/Skardalen har vore med blant dei no 46 utvalde kulturlandskapa i jordbruket sidan 2009. Skogslåttane og de andre slåttemarkene er tatt i bruk med godt resultat. Det er også satt i stand naturbeitemarker. Fleire typar av bygningar er sette i stand, som naust, sommarfjøs, låvar og høyløer. Andre bygg er gjenreiste, derav nokre samiske naustgammer og ei evakueringsgamme frå krigens dagar. Ved gjenoppbygning av naustgammene blei det brukt bjørk som reisverk og taket blei dekt med torv. Ein gamal låve er satt i stand og er i dag gardsmuseum og serverings-, og møtelokale. I tillegg til gammar og bygningar, har ein satt i stand og bygd opp igjen mjølkerampe, løypestrengar og gjort om ei gamal utløe til hønsehus.
– Desse kulturlandskapa, med heilskapen av tun, innmark og utmark inneheld store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Desse verdiane er avhengige av framleis bruk, skjøtsel og vedlikehald for å haldast ved lag, og ordninga med utvalde kulturlandskap gjer bonden og grunneigarane draghjelp til å oppnå dette, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Bygde- og kulturlaget har vore opptatt av å lære dei unge slåttetradisjonane i bygda, og ved slåttedagane har dei unge fått lære å bruke ljå og slipestein. Oppsett av hesjestaur og istandsetting av steingjerde, har også gitt nyttige og gode erfaringar til store og små.
Badjegjeddi er en gamal sommarbuplass der det kvert år frå St. Hans-tid budde 3-4 reindriftsfamiliar frå Kautokeino. Å komme hit var en årleg begivenhet. I sin tid hadde samane på Badjegjeddi også geiter om sommaren. Om hausten blei dei tatt hand om av dei fastbuande familiane i Skardalen, såkalla verddefamiliar. Dei fødde geitene over vinteren og fekk då fritt bruke mjølka. Neste sommar blei geitene gitt tilbake til familien, nokre gongar med ost på kjøpet. Det var i det heile mykje bytte mellom rein- og sjøsamar, mellom anna kjøt, skinn, senetråd og reinshår mot til dømes teppe, ulltøy, ost, mjølk, fisk eller tenester som båtskyss og slaktehjelp. På Badjegjeddi tok busettinga slutt under siste krig og sidan har gammane rast saman. I dag sjåast tuftene av ei bustadgamme, samt fleire andre samiske kulturminne.
Grunneigarane i bygda har merka og rydda fleire turstigar og gamle sauetråkk, og formidling av historier frå landskapet ved havet, oppover dalen og også i det mytiske landskapet, er noko dei er gjer med stor entusiasme og gjestfridom.
Det er utvikla Story Maps eller «historiekart» i Skárfvággi/Skardalen i Troms og Finnmark. Ønskjet har vore å intervjue eldre tradisjonsberarar for å berge kunnskapar om bruk av og fortellingar om landskapet for ettertida. No er fleire fortellingar på plass frå innbyggjarar i Skárfvággi/Skardalen.
Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket
Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.