Historisk arkiv

Utsyn over norsk landbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Frå det eine året til det neste ser ein ikkje så store endringar i norsk landbruk. Men gjennom nokre ti-år skjer det mykje. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) gir kvart år ut Utsyn over norsk landbruk, som gir oversikt over dei lange utviklingstrekka.

Færre kyr og bønder, nesten like mykje mjølk

Eit døme på dei store endringane som skjer i norsk landbruk, er talet på mjølkekyr. Det har gått ned frå 391.100 kyr i 1980 til 215.200 i 2019. Talet på bønder som driv mjølkeproduksjon har gått ned med 80 prosent frå 39.000 i 1979 til 7.500 i 2019. Men kvar ku mjølkar meir, slik at samla mjølkeleveranse i 2019 var 80 prosent av leveransen i 1989.

Saka fortsett under bilete.

Grasslått i Hardanger
I europeisk samanheng er dei norske besetningane framleis små. Foto: Kjersti Kildahl - NIBIO

Sju viktige utviklingstrekk

NIBIO set opp sju sentrale utviklingstrekk:

  1. Færre og større gardsbruk, meir leigejord.
  2. Færre mjølkekyr, mindre forbruk, fleire liter per ku.
  3. Har kjøtforbruket nådd toppen?
  4. Norsk korn: Mest til dyrefôr.
  5. Økologisk jordbruk går ned.
  6. Jordbruket er viktig for andre næringar.
  7. Mest skog i Innlandet fylke – områda Hedmark, Oppland og Buskerud.

Norsk jordbruk: Ekstrem aktivitet

Å dyrke mat så langt nord, der fjell og vidde utgjer nær halvparten av arealet, er på mange måtar ein ekstrem aktivitet, skriv NIBIO.  

Noreg ligg i ytterkanten av dyrkingsområdet for fleire viktige vekstar. Vi er til dømes eit av få europeiske land som ikkje dyrkar sukkerplanter. Klimaet gjer og sitt til at kornavlingane per arealeinig er mindre enn i mange andre europeiske land.  

Geografi, topografi og klima avgrensar kva planteproduksjonar som er moglege og forklarer samtidig kvifor fôrdyrking, oftast gras, er største planteproduksjon i store delar av landet.  

Av same grunnar har grovfôrbasert husdyrproduksjon så stor betydning i norsk jordbruk, skriv NIBIO i sin rapport.