Historisk arkiv

Presisjonsjordbruk for meir klimavenleg landbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Presisjonsjordbruk handlar om å bruke ny teknologi til å tilpasse behandlinga av jord og vekst etter behovet. Dette kan både gje ein positiv miljøeffekt i form av reduserte klimagassutslepp, samstundes som det er lønnsamt for bonden fordi innsatsfaktorane går ned og produksjonen opp.

– Regjeringa sin klimaplan viser korleis Noreg skal oppfylle klimamålet og skape grøn vekst. Klimatilpassa og berekraftig matproduksjon har stått sentralt i Landbruks- og matdepartementet sine prioriteringar på forskingsområdet dei seinare åra. Det er finansiert fleire prosjekt med lovande resultat for ein meir klimavennleg produksjon av mat, seier landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad.

Digitalisering og robotisering

Digitalisering og robotisering av landbruket spelar ei viktig rolle i Noregs framtidige matproduksjon. Ny teknologi blir brukt til å skreddarsy behandling av jord, areal, vekstar og dyr for eit meir klimavennleg og ressurseffektivt landbruk. Modellar, robotar og heilautomatiske system bidreg til å modernisere landbruket, og gir resultat som tidlegare ikkje var mogleg. Potensialet vil kunne bli vesentleg større i nær framtid, etter kvart som både teknologi og tilhøyrande metodikk vidareutviklast.

Senter for presisjonsjordbruk

Ved Senter for presisjonsjordbruk ved NIBIO Apelsvoll blir det utvikla og testa teknologiske løysningar for dagens og framtidas jordbruk. NIBIO har berekna at auka bruk av presisjonsjordbruk i Norge kan ha ein årleg, potensielle reduksjonen i klimagassutslepp på 28 000 tonn CO2-ekvivalenter. I tillegg vil presisjonsjordbruk innebere redusert nitratavrenning, mindre bruk av plantevernmidlar og auka verdiskaping.

PRESIS

Prosjektet PRESIS gjev viktige bidrag til det forskingsarbeidet som blir utført ved senteret. Hovudmålet med prosjektet er å utvikle eit heilskapleg system som skal sørge for at gardbrukarar får tilgang på brukarvennlege, teknologiske tenester som er testa og tilpassa norske forhold, og som sikrar bonden sjølv eigarskap til og lagrings-løysingar for innsamlede data. Denne typen informasjonstenester har eit stort potensial når det gjelde å redusere unødige klima- og miljøbelastningar frå jordbruket.

Presisjonsjordbruk.
Prosjektet PRESIS gjev viktige bidrag til det forskingsarbeidet som blir utført ved senteret. Foto: NIBIO