Presseinvitasjon
Bollestad vitjar Møre og Romsdal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 30.07.2021
Landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad vitjar Møre og Romsdal tirsdag 3. august. Bollestad vil nytte høvet til å gå litt irette med dei ho meiner ikkje gir ei rett framstilling av utviklinga i norsk landbruk. Ho vil ta føre seg kva ho meiner KrF har fått til i landbrukspolitikken dei åra partiet har sete i regjering, og ho vil snakke om politikken framover.
Bollestad har følgjande program denne dagen:
Kl 09.00
Bøen Gard, Gjerdsvika, Sande kommune. Garden ligg ut mot storhavet, og tilbyr Inn på tunet-tenester. Dette er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk, som aktivitetar for barn og unge, arbeidstrening og rehabilitering, helse og omsorg. Dei driv også med utleige/reiseliv og gardsmat produsert av eiga sauebesetning. Bøen gård (boengard.no)
Adresse: Gjerdsvikvegen 671, Gjerdsvika.
Kontakt: Bente Krumsvik Hide. Tlf 995 56 562. Trond Hide. Tlf 954 21 248
Kl 12.45
Skarbø Gard, Storfjorden, Stranda kommune. Mjølkeproduksjon med om lag 20 kyr. Produksjon av ost og eplesider. Skarbø Gard - Handverk og tradisjon, i eitt med naturen (skarbogard.no)
Adresse: Bygdavegen 335, Stranda.
Kontakt: Kristine Skarbø. Tlf 907 81 881. Carlos Ruiz Rabelo. Tlf 908 20 469.
Kontakt for landbruks- og matministeren: Ståle Norang. Tlf 414 38 011