Nå skal Landbruks- og matdepartementet få takhage
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 15.07.2021
Vi som har levd ei stund hugsar taket på høgblokka i Regjeringskvartalet som eit populært utsiktspunkt. Ikkje for kven som helst, men når det var storfint besøk.
I Gro og Kåre sine statsministerdagar var tur på taket med eksellensane for å peike ut Holmenkollen og Slottet fast statsbesøk innslag. Så vart det bygd på to nye etasjar på høgblokka på 1990-talet, og med det forsvann både takterrassen og omvisar tradisjonen. Men nå er desse to øvste etasjane borte vekk att, og det er planar for at taket skal gjenoppstå, ikkje berre som det eingong var, men som eit spanande grønt bytak.
Pilotprosjekt i R6
Men først ut, som eit pilotprosjekt for det nye Regjeringskvartalet, skal det bli takhage på Regjeringskvartalet 6 (R6), som er det bygget der Landbruks- og matdepartementet held hus saman med Helse- og omsorgsdepartementet. Hagen skal stå klar i august, og snikkarane er godt i gang. Nyleg møttest ein entusiastisk arkitekt og ein kanskje hakket endå meir entusiastisk statsråd på taket for å sjå på planane.
Pergola, portal og espaljear
Her skal det bli Pergola, portal og espaljear. Det skal bli sittegrupper, langbord og "ståbord for representasjon og mingling".
Naturplanter, nytteplanter og bær
– Vegetasjon er ein svært viktig del av prosjektet, seier Betina Øvstaas Amundsen frå Landskaperiet, som har planlagt takhagen. Vi bruker norske kulturplanter og naturplanter. Det er planter tilpassa dei ulike sesongane. Det meste kan etast, både frukt, bær og blomar, seier Øvstaas Amundsen.
På pergolaen skal norsk humle få klatre. Rips, solbær, epler, plommetre og drueplanter skal få vekse oppetter espaljeane. I plantekassene skal rabarbra, løpestikke, solhatt, jordbær, urter og grønnsaker få vekse. Det skal også vere løpestikke (kjærleiksurt), steinrose, einer, skogstorkenebb, strandkattehale og andre norske stauder som biene vil setje pris på.
– Dette blir steinbra! er statsråd Olaug sin reaksjon. Heilt sidan eg kom i dette huset, har eg masa på at vi må få gjort taket til ein trivelegare stad å vere, seier landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad.
Som landbruksstatsråd har Bollestad blitt invitert på fleire grøne bytak både i hovudstaden og andre byar. – Nå er det jammen på tide at vi også får hage på vårt eige tak, slår ho fast.
– Det er mange føremoner med grøne tak, seier eigedomssjef i Statsbygg, John Are Iversen, som også er med. Grøne tak verkar til å kjøle ned bygningane og dei held på vatnet. Derfor blir dette eit viktig element i det nye regjeringskvartalet, seier Iversen.
St. Nor.