Utvalde kulturlandskap i jordbruket - Stadlandet i Vestland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 28.07.2021
Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket (UKL) er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.
Stadlandet er eit kjerneområde for kjøttproduksjon med den truga husdyrrasen kystgeit. Her er det og mange artsrike slåttemarker og naturbeitemarker. Gravfunn fortel om gardsdrift sidan eldre jernalder. Hoddevik ligg i ein flat dalbotn med gardsbruk og naust, omgitt av dalsider med steingjerde, fegater og gardsfjøs. Den breie sandstranda og dei store sanddynene i dalsida er naturlege blikkfang På Indre Fure er det eit klyngetun og på Ytre Fure ligg gardane på ei hylle ut mot havet. På Drage ligg gardane på den slake strandflate med dyrkingsjord, omkransa av lier med beitemark og kystlynghei. Årdal, Skårbø og Liset utgjer kvar for seg heilskaplege landskap mellom hav og fjell. Her er det mange beiteterrassar, tufter og gamle bygningar.
– På Stadtlandet finn ein jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Å ta vare på vår natur- og kulturarv krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. I 2021 er det med midlar frå miljø- og landbruksforvaltninga satt av til saman 38 millionar kroner for å ta vare på dei 46 utvalde kulturlandskapa vi har i Noreg, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
– Desse kulturlandskapa, med heilskapen av tun, innmark og utmark inneheld store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Desse verdiane er avhengige av framleis bruk, skjøtsel og vedlikehald for å haldast ved lag, og ordninga med utvalde kulturlandskap gjer bonden og grunneigarane draghjelp til å oppnå dette, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Surfeparadis
Hoddevik, den mest avbilda bygda på Stadlandet, har utvikla seg til eit særs populært utfartsområde for friluftsliv og heng saman med statusen området har som surfeparadis. I periodane med mest besøk oppstår det utfordringar knytt til ferdsel, camping, slitasje og sanitære forhold. For å møte desse utfordringane har Stad kommune ei lokal forskrift om regulering av ferdsel. Erfaringane so langt har vore at det i særs verdifull og sårbare område kan være naudsynt og positivt med reglar for å regulere ferdsel og åtferd.
Sidan området blei et utvalt kulturlandskap i jordbruket er det laga fleire skjøtselsplanar for området. Desse er lagt til grunn for tiltak og søknadar om tilskot.
Talet beitedyr i heile området er høgt, og dette har ein positiv effekt på naturbeitemarkene og lyngheiene i heile området. Samstundes fører ofte det høge talet beitedyr til konflikt i lokalsamfunnet. Som eit svar på dette har representantar frå dei lokale faglaga, Stad kommune og Statsforvaltaren satt i gang eit prosjekt for å jobbe med haldningsendringar og lokale løysingar på beiteproblemtikk i fleire av grendene på Stad.
Kartlegging av spreiing av sitkagran har vist at dette kan vere eit trugsmål mot kystlyngheiene. Det er teke fleire initiativ for å rydde plantefelt med sitkagran, og område med naturleg spreiing.
Artsrike enger
Etter elleve år med skjøtsel er framleis kalkengene i Hoddevik blant dei mest artsrike. Fleire år med overvaking av engene har medverka til god kunnskap om eigna skjøtselstiltak som verkar positivt på artane. På Liset og delar av Drage er det i samarbeid med grunneigarane sett i gang beite- og ryddetiltak for å nå måla i skjøtselsplanane.
I Årdalen, på Ytre Fure og i Hoddevik er det gjennomført tiltak på bygningar. På Buråsa i Hoddevik er det gjennomført kurs i tørrmuring, men store delar av murane treng framleis
istandsetjing. Det er òg behov for istandsetjing av fleire steinfjøs og andre steinstrukturar i området.
I tillegg til innføringa av lokal forskrift om regulering av ferdsel, har Stad kommune starta eit prosjekt knytt til stadutvikling i Hoddevik. Føremålet er å sikre ei økologisk og berekraftig stadutvikling i Hoddevik, med utgangspunkt i problematikken med villturisme.
Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket
Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.