Historisk arkiv

Fleire ungdommar søker landbruks- og matutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Totalt 206 800 ungdommar har i år søkt seg til vidaregåande opplæring i offentleg skule og lærebedrift. Utdanningsprogrammene Natur og Restaurant og matfag har begge hatt ein liten auke frå i fjor. Til saman har 3118 søkt restaurant- og matfag vg1 og vg2.

– Det er gledeleg at det er omtrent like mange jenter som gutar som vel landbruksfagene. Landbruket i framtida treng fleire unge med agronomikompetanse og teknologiske evnar, særleg med tanke på klimaendringane og endra produksjonstilhøve, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Både naturbruk Vg1, Vg2 skogbruk og Vg3 landbruk har hatt ein vekst i talet på søkarar. Søkartala viser at omtrent like mange jenter som gutar søker seg til Vg1 naturbruk og vidare til landbruk og gartnar (Vg2) og Vg3 Landbruk. Når det gjeld lærefaga hestefaget og hovslagerfaget er over 90 prosent av søkarane jenter. Omtrent 85 prosent av dei som søkar seg til skogbruk (Vg2) og skogfaget er gutar.

Noreg ligg langt framme i bruk og utvikling av landbruksteknologi. For 50 år sidan produserte éin bonde mat til 6,5 personar. I dag kan éin bonde produsere mat til 61 personar. Ny teknologi og kunnskap bidreg til auka produksjon og reduserte kostnadar.

Viktig å få auka rekrutteringa til restaurant- og matfag

Eit breitt samansett utval overleverte rapporten Uten fagarbeidarar – ingen matnasjon til Landbruks- og matminister Olaug Bollestad i februar. Rapporten viser at søkningen til restaurant- og matfag er halvert sidan 2000 og kva utfordringar som må handterast for å auke rekrutteringa. Utvalet tilrår totalt 24 tiltak for at fleire unge menneske skal velje mat- og måltidsbransjen som karriereveg.

– Vi treng dyktige og engasjerte fagarbeidarar for å nå målet om å gjere Noreg til ein matnasjon innan 2030. Det er derfor viktig å auke rekrutteringa til mat- og måltidsbransjen for å sikre tilstrekkeleg tilgang på arbeidskraft og kompetanse, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Stor auke i Trøndelag

Trøndelag har jobba mykje med rekruttering til restaurant- og matfag. Søkartala viste at søkartala ved årets opptak har auka med rundt 40 prosent. Dei har jobba med fleire punkt for rekruttering, som også er forslag til tiltak i rapporten "Uten farbariedere – ingen matnasjon". Trondheim-Trøndelag har fått status som European Region of Gastronomy i 2022, og satsar sterkt på rekruttering i dette arbeidet.