Historisk arkiv

Veterinærar leverte eit klimaopprop

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I dag fekk statssekretær Widar Skogan eit opprop frå Veterinærane sin klimaaksjon. Veterinærar er bekymra for både vass- og matsikkerheita i verda, folke- og dyrehelse og dyrevelferd for husdyr og ville dyr. Dei vil ha kraftigare klima- og naturtiltak.

Widar Skogan tok i mot oppropet frå veterinærane.
Widar Skogan tok i mot oppropet frå veterinærane. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

– Eg er glad for engasjementet til klimaaksjonen til veterinærane, og deler mange av dei same bekymringane. Klimaendringane vil gi oss utfordringar i framtida, seier statssekretær Widar Skogan.

– Det er viktig at Noreg jobbar for ei grøn omstilling, og at vi legg til rette for berekraftig bruk og forvaltning. Derfor har regjeringa nyleg lansert ein klimaplan, og vi arbeider òg med å snart kunne legge fram ei ny berekraftsmelding og sirkulærstrategi som ser dette i samanheng, seier statssekretær Widar Skogan.

Klimaaksjonen til veterinærane peikar på at hav- og landbrukssektoren vil bli sterkt påverka av klimaendringane. Dei peikar på at to-gradersmålet er innan rekkevidde, men det krev kraftigare tiltak. Dei la òg fram forslag til fire tiltak. 1027 veterinærar, dyrepleiere og fiskehelsebiologar har underteikna oppropet.