Historisk arkiv

Den norske Epledagen: Gode epleavlingar i år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I år er det eit godt epleår i Noreg. Ein reknar med rekordavling på rundt 10.000 tonn. I dag, tirsdag 28. september, feirer vi Den norske Epledagen.

I år har det vore gode vekstvilkår med ein varm haust. – Det er mange som ser fram til at dei saftige, sprø og smakfulle norske epla kjem i handelen. Vi både kan og bør dyrke meir frukt i Noreg. Derfor er frukt- og grøtsektoren blitt prioritert i dei jordbruksoppgjera eg har hatt ansvaret for,  seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

«An apple a day keeps the doctor away”

Det gamle visdomsordet om at «An apple a day keeps the doctor away”, blir stadig dokumentet på nytt.  Den største norske eplesorten er Aroma, deretter følgjer Discovery og Summerred. Andre norske sortar er Rød Gravenstein, som har vore dyrka sidan slutten av 1700 taller, Raud Prins/Kronprins, Julyred, Åkerø og den ganske nye sorten Rubinstep.

Norske eple modnar langsomt gjennom sommaren med kjølige netter og lyse dager. Vi har derfor eplesortar med tynt skal, søtt og syrlig fruktkjøtt med sprø konsistens.

Epledyrkinga kjem opphaveleg  8000 år attende frå Kazakhstan. Det var munkane som på 1300-talet starta med epledyrking i Noreg.

  • Les meir hjå Opplysningskontoret fro frukt og grønt: | FRUKT.no
Epletre.
Det gamle visdomsordet om at «An apple a day keeps the doctor away”, blir stadig dokumentet på nytt. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Særskilt satsing på frukt- og grøntsektoren

I jordbruksavtalen for 2019 vart det vedteke ei særskilt satsing på grøntsektoren. Denne har blitt ført vidare i seinare avtalar. Rapporten Grøntsektoren mot 2035 – sammen for øklt konkurransekraft, økt etterspørsel og mer norsk låg til grunn for jordbruksoppgjeret 2020, der rådgjeving, forsking, investering og tiltak for fornybar energi og teknologi i grøntsektoren vart prioritert.

Frå 2020 har delar av pengane som blir sett av til investering og bedriftsutvikling (IBU) vore øyremerke til frukt og grøntnæringa. Samla løyvingar til investeringar i planteproduksjon auka med 43 prosent frå 2019 til 2020. Investeringstilskot til frukt- og grøntnæringa gjeld i all hovudsak frukt- og grøntlager, og anlegg av nye fruktfelt.

Dei siste ti åra har produksjonen av frukt i Noreg auka med 21 prosent, og grønnsaker har auka med 26 prosent.