Fylkesnytt frå Rogaland 2/2021
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 08.09.2021
Statsforvalteren i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om gode resultater fra arbeidstilsyn i Rogaland.
- Gode resultater fra arbeidstilsyn i Rogaland
- Endeleg klart for tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing i heile Rogaland
- SMIL til fjerning av piggtråd – Piggfrie gardsbruk 2021
- Store avlingar er blitt henta inn trass utfordringar med innleigd arbeidsfolk
- Erfaringar frå skogplanting våren 2021
Gode resultater fra arbeidstilsyn i Rogaland
Statsforvaltaren i Rogaland har jevnlig kontakt med Arbeidstilsynet. I år har Arbeidstilsynet prioritert tilsyn knyttet til forebygging av Covid-19 (smittvern). Vi har fått lov til å formidle deres erfaringer fra tilsyn i jordbruket i Rogaland i fylkesnytt:
Arbeidstilsynet i Rogaland har kontrollert smittevern hos gartneri, grønnsak-, melke- og kjøttprodusenter. I den forbindelse har vi kontrollert om innkvarteringen av arbeidstakere er forsvarlig utformet, innredet og vedlikeholdt. Godkjente karanteneboliger er verifisert og funnet ok. Enkelte har løst krav til karantene for arbeidstakere med opphold på godkjent karantenehotell lokalt, eller på Gardemoen. Når det gjelder smittevern erfarer Arbeidstilsynet at næringen hittil i år har hatt god kontroll på forebygging av smitte. I tillegg har vi sett på lønns- og arbeidsvilkår, og sikkerhet for arbeidstakerne.
Arbeidstilsynet i Rogaland opplever at mange av arbeidsgiverne i landbruket har god kontroll på regelverket. De er opptatt av, og har vilje til å følge regler for smittevern og innkvartering, samt regler for arbeidstid, lønn og dokumentert opplæring på et språk som arbeidstakere behersker.
Arbeidstakere som ikke behersker norsk, får den nødvendige informasjonen i form av plakater, arbeidsinnstruks og ordensregler i innkvarteringen, på et språk som de mestrer.
Arbeidstilsynet fortsetter høsten med flere tilsyn i landbruket som også består av forebygging av Covid-19 smitte, fokus på forebygging av sykdom, ulykker og skader og et trygt og godt arbeidsmiljø for bonden og for den ansatte eller innleide fra avløyserlaget. Veiledning er også en viktig del av tilsynet.
Her er viktige linker til forebyggende arbeid innen ulykkesforebygging, luftveisplager, muskel- og skjelettplager, alenearbeid, psykisk helse og utenlandsk arbeidskraft:
- https://www.arbeidstilsynet.no/om-oss/prioriterte-aktiviteter/jordbruk-og-skogbruk/bruk-setebelte-i-traktor/
- https://www.arbeidstilsynet.no/om-oss/prioriterte-aktiviteter/jordbruk-og-skogbruk/
Mia Ree Holen, Arbeidstilsynet
Endeleg klart for tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing i heile Rogaland
Ramma for Regionalt miljøprogram i Rogaland blei auka med 3,8 mill. kr i årets jordbruksoppgjer. Ei samla styringsgruppe var samde om å prioritere tilskot til nedlegging og nedfelling av husdyrgjødsel. For første gang kan alle bønder i Rogaland søke tilskotet så framt dei oppfyller krava. Sidan våronna blei unnagjort lenge før jordbruksoppgjeret og nyheita om utvida tilskotsområde blei kjend, ventar vi svært få nye søknadar i 2021. Erfaringa er at det tek tid å få oppslutting kring tilskotsordninga i nye område. Årsaka er at bøndene allereie har fungerande gjødselvognar, og må anten investere i nytt utstyr eller kjøpe tenesta frå andre. På grunn av knapp økonomisk ramme har tilskot til nedlegging og nedfelling av husdyrgjødsel berre vore tilgjengeleg i Haugaland vannområde og Jæren vannområde. Prioriteringa blei gjort på grunnlag av vasskvaliteten. Heilt sidan tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing blei ein del av Regional miljøprogram i 2013, har målet vore å kunne tilby tilskotet i heile fylket. Nedfelling/nedlegging av husdyrgjødsla reduserer nitrogentapet til luft, og legg til rette for betre utnytting av næringsstoffa til planteproduksjon. God utnytting av gjødselressursane er svært viktig i husdyrfylket Rogaland. I 2020 brukte Rogaland 26 prosent av økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram til miljøvenleg gjødselspreiing. Rogaland prioriterer berre tilskot til nedlegging/nedfelling og bruk av tilføringsslangar. Tilskot til ordinær tidleg gjødsling innan 10. august er, i motsetnad til fleire andre fylke, ikkje ein del av regionalt miljøprogram i Rogaland.
Kontaktperson:
Monica Dahlmo, fmromda@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 66.
SMIL til fjerning av piggtråd– Piggfrie gardsbruk 2021
Piggfrie gardsbruk 2021 blei sett i gang for å motivere bønder til å fjerne piggtråd på gardsbruk i Rogaland. Prosjektet er eit samarbeid mellom forvaltninga, attvinningsstasjonar, faglag i landbruket og to forhandlarar av gjerdemateriell. Prosjektet har hatt god oppslutting. Til no har om lag 140 kilometer ståande gjerde med piggtråd blitt erstatta med piggfrie alternativ.
Forbodet mot å nytte piggtråd for å styre dyrs ferdsel kom i 2010, men framleis er det mykje piggtrådgjerde i Rogaland. Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere aktive bønder til å gjere miljøtiltak, mellom anna for å ta vare på kulturlandskapet og hindre ureining. Fjerning av piggtråd er innanfor SMIL-ordninga.
120 bønder har til no søkt på totalt 3 millionar i SMIL-midlar til å fjerne piggtråd. Kommunane har handsama 100 søknadar og løyvd 1,8 millionar i SMIL-midlar. Med kvittering for innlevert piggtråd på attvinningsstasjonar får bønder 10 prosent rabatt på innkjøp av piggfri gjerdetråd hjå Felleskjøpet Rogaland Agder og Coop sine forhandlarar i Rogaland. Rabatten gjeld berre for 2021.
Faglaga og kommunane i Rogaland har vært aktive i å informere bønder, og prosjektet har fått god omtale i media. Piggfrie gardsbruk 2021 vore vellukka. Piggfrie gjerdealternativ vil erstatte piggtråden mange stadar, og mykje gamal piggtråd blir fjerna frå kulturlandskapet. Bønder i kommunane Stavanger, Tysvær, Sandnes og Vindafjord var dei mest aktive i å støtte opp om prosjektet.
Prosjektet har bidratt til betre dyrevelferd, reduksjon av ureining og betre naturopplevingar for turgåarar på dei mange turstiane i Rogaland sitt kulturlandskap.
Lenker til mediaoppslag om piggfrie gardsbruk 2021:
- https://www.nrk.no/rogaland/bonder-far-tilskot-for-a-fjerne-piggtrad-1.15388927
- https://gardsdrift.no/miljo-rogaland-tilskuddsordning/ryddetilskudd-i-rogaland/681688
- https://www.nationen.no/landbruk/vil-betale-bonder-opp-mot-600-kroner-i-timen-for-a-fjerne-gammel-piggtrad/
- https://www.bondevennen.no/aktuelt/vil-ha-vekk-piggtraden/
- https://www.bondelaget.no/rogaland/nyhende/prosjekt-piggtrad-2021
Kontaktperson:
Nono Dimby, fmroara@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 78.
Store avlingar er blitt henta inn trass utfordringar med innleigd arbeidsfolk
Frukt- og bærprodusentane er svært godt nøgde med avlingane, men det har vore mykje uvisse, bekymring og stress for å få tak i nok arbeidshjelp.
Ryfylkefrukt SA tar imot det aller meste av frukt som blir produsert i Rogaland, og i følgje dagleg leiar Svein Hia er det rekordavling for eple. Dei forventar å ta i mot 550 tonn eple, 30 tonn pære, 20 tonn plommer. 20 tonn morellar er allereie motteke. I fjor var avlingane dårlege på grunn av angrep av rognebærmøll på eple, og plommene fekk frost under bløminga. Det har vore ein jamn auke i epleproduksjonen sidan oppstarten av Ryfylkefrukt SA. I 2017 blei det levert 147 tonn eple og pærer. Avlingsprognosane i ein femårsperiode framover er 1200 tonn eple og 100 tonn morellar.
Sommaren har vore god og varm og har gitt god kvalitet på jordbær og bringebær. Bærprodusentane i Rogaland melder at avlingsmengdene er om lag som åra før.
Jordbærprodusent Helge Gjerde frå Jelsa i Suldal kommune har 30 dekar med jordbær i tunnel. Han seier at det alltid er utfordringar, kvart år. Siste to år er det pandemien og karantenereglar for innleigd arbeidskraft som har laga hovudbry. – Det var harde tak i juni, men eg fekk inn til landet dei viktigaste folka og haustinga gjekk greitt, seier Helge Gjerde.
Kjetil Sola frå Sola driv med 25 dekar jordbær og 7,5 dekar bringebær i tunnel. Han seier at det var eit mareritt i vår, mykje att og fram med reglar for innreise, men så gjekk det betre utover i sesongen.
– I eit normalår har eg 20 arbeidarar frå Polen. I fjor hadde eg 13 og i år 11 personar frå Polen. Kjetil Sola held fram at det blir berre verre og verre å få tak i arbeidsfolk. Summen av fleire negative saker som til dømes innreisereglar, arbeidstidsreglementet, auka skatt for arbeidarane og mediaoppslag gjer det vanskelegare å drive, og gjer det mindre attraktivt å jobbe i Noreg. Arbeidarar frå Polen tek seg heller arbeid i Tyskland og Nederland.
Svein Hia i Ryfylkefrukt SA melder at det har vore ekstra utfordrande i år med å få tak i plukkarar, noko som har skapt unødig stress og bekymring. Så langt er det morelldyrkarane som har fått kjenne på dette mest. Det ser ikkje ut til at mangelen på plukkarar har ført til store, negative konsekvensar. Berre små mengde morellar er blitt kasta.
Kontaktperson:
Eli Munkeby Serigstad, fmroese@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 62.
Erfaringar frå skogplanting våren 2021
Det er satt ut berre 250 000 planter av dei om lag 500 000 som var planlagt. Stengte grenser for utanlandsk arbeidskraft på grunn av Covid-19 har gjort det krevjande å få gjennomført planlagt vårplanting.
I Rogaland tok Statsforvaltaren initiativ rett før påske mot kommunane og næringsaktørane for å prøve å organisere og gjennomføre planting med lokal arbeidskraft. Det hasta med å kome i gang med vårplanting. Media blei brukt aktivt for å marknadsføre behovet for lokal arbeidskraft. Responsen var god! Det blei etablert eit system med eit eige kontaktskjema med nøkkelinformasjon frå respondentane. Dette gjorde det enklare å sortere ut og kontakte personar i aktuelle område for planting.
Tidleg, og før det blei avklart ekstra plantetilskot til å dekke meirkostnader ved bruk av lokal og ufaglært arbeidskraft, gjekk Statsforvaltaren ut med at «frikjøp» av ressurspersonar og arbeidsleiarar for oppfølging av plantegjengar kunne dekkes av NMSK-midlane og eventuelt lokale rentemidler. Det var ingen som nytta seg av dette tilbodet.
Nokre kommunar (skogbrukssjefar) tok ansvar med å hente inn folk og sørge for nødvendig opplæring og oppfølging av plantearbeid og plantegjengar. Ekstrakostnadane tok kommunane av eige driftsbudsjett. Kursing av arbeidskraft blei dekt av lokale rentemidlar. Desse kommunane kom tidleg i gong, og plantene blei sett i jorda før 17. mai.
Tilsvarande rolle tok andelslag/tømmerkjøparar i andre kommunar. Her gjekk det noko tregare å kome i gong med plantinga. Kanskje fordi dei hadde eit lite håp om å få inn utanlandsk arbeidskraft likevel. Dette kan vere noko av grunnen til mindre planteaktivitet enn planlagt. Ein del av planlagt volum kan vere omdisponert til andre fylke med kapasitet til å gjennomføre arbeidet. Det har vi ikkje oversikt over. Ein del planter er kasta. Resultatet for fylket under eitt er eit plantevolum på 50 prosent av det som var planlagt. Det vekker bekymring med tanke på at planta areal har vore lågare enn hogt areal i Rogaland over mange år. Me treng eit verkeleg løft innan planting av skog.
Dei beste erfaringane er hausta der kommunen tidleg, i samarbeid med aktørane, tok ansvar for å få tak i folk, opplæring og oppfølging. Dei var heile vegen tett på arbeidet for å få plantene tidsnok i jorda. Med ungdommar og uerfarne folk i arbeid, er tett oppfølging avgjerande for resultatet og kvaliteten på arbeidet. I tillegg er det positivt for skognæringa at fleire får lære litt om skog og skogbruk, og blir litt mindre avhengig av utanlandsk arbeidskraft.
Kontaktperson:
Stein Bomo, fmrosbo@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 72.