Matfestivalen Matlarm blir arrangert 23.-25. september
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 22.09.2021
Matlarm er ein matfestival i Oslo for og med norske småskalaprodusentar. Festivalen blir arrangert på fleire restaurantar. Det er fagdag, matkino og idéinkubator. Det blir lagt spesielt vekt på møte mellom produsentar og kokkar/serveringsstader.
Matlarm er eit alternativ til Matstreif, som heller ikkje i år kan bli arrangert, mellom anna pga korona-situasjonen. HANEN, med støtte frå Innovasjon Norge er arrangør. HANEN er organisasjon for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat- og innlandsfiske.
- Les meir: Om Mat*Larm (matlarm.no)