Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2017:

Meir til skogsvegar, tømmerkaier, arbeidet mot antibiotikaresistens og forskning på bioøkonomi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

- 29 millionar ekstra kroner til skogsvegar og tømmerkaier. - Investinor før høve til å investere i eksisterande, ikkje børsnotert skogindustri. - 10 millionar kroner til styrking av arbeidet mot antibiotikaresistens. - 5 millionar kroner til auka innsats mot Chronic Wasting Disease (CWD) hjå hjortedyr. - 20 millionar kroner til auka bioøkonomi-satsing. - Ei meir effektiv landbruks- og matforvaltning.  Dette er hovudpunkt i budsjettframlegget for 2017 for Landbruks- og matdepartementet.

Skogsvegar og tømmerkaier

Regjeringa gjer framlegg om å auke tilskota til skogsvegar og tømmerkaier med 29 millionar kroner.

– Hogsten i norske skogar bør aukast. Det vil gje meir næringsverksemd i distrikta og vere eit viktig bidrag i klima-arbeidet sidan skog i vekst tek opp mykje klimagassar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Meir aktivitet i skogen er avhengig av betre skogsvegar. Spesielt kystfylka som er råka av arbeidsløyse, vil ha nytte av fleire og betre tømmerkaier, som vil gi grunnlag for nye arbeidsplassar, seier Dale.

Regjeringa har tidlegare auka dei totale løyvingane til skogsvegar frå 69 millionar kroner i 2013 til 124 millionar kroner i 2016, ei auke på 80 prosent. Løyvingane til tømmerkaier er meir enn dobla frå 2015, og er for 2016 på 46 millionar kroner. 

Investinor får utvida mandat for skoginvesteringar

Regjeringa opnar for at dei øyremerkte skogmidla til Investinor AS også kan investerast i eksisterande selskap som ikkje er børsnotert innan skog- og trenæringa.

– Målet er at Investinor og skal kunne bidra med kapital i eksisterande selskap som har gode investeringsprosjekt for vidareutvikling av verksemda, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. – På denne måten følger regjeringa opp Sundvolden-erklæringa sitt punkt om å innføre nye kapitalkjelder for produktutvikling og innovasjon i treforedlingsindustrien, seier Dale.

– Investeringar i industrien skal fortsatt være eit privat ansvar, poengterar Dale. – Regjeringa legg ikkje opp til større statleg eigarskap av industri i Noreg, seier landbruks- og matministeren.

Investinor har sidan 2013 hatt 500 millionar kroner øyremerkt investeringar i norsk skog- og trenæring. Grunna eit snevert investeringsmandat for desse midlane er 400 millionar ennå ikkje nytta til investeringar. Skog- og trenæringa sin eigen strategi, SKOG22, peiker på at kriteria for Investinors investeringar hindrar at midlane kan nyttast til investeringar som kan vidareutvikle eksisterande industri.

Antibiotikaresistens

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvingane til arbeidet mot antibiotikaresistens med 10 millionar kroner.

– Dei seinare åra har mange land grunna for høg bruk av antibiotika fått ein fremvekst av uønskte bakteriar som ikkje lét seg behandle med antibiotika; bakteriane er blitt resistente mot antibiotika. Dermed kan sjukdomar vi reknar som harmlause bli særs alvorlege, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Det er derfor gjort eit stort arbeid for å motverke at dette problemet skal vekse seg større. Noreg har god dyrehelse, og den lågaste og best kontrollerte bruken av antibiotika i landbruket i Europa. Vi set mykje inn på at det skal vere slik også i framtida, seier Jon Georg Dale.

Ekstra-løyvinga for 2017 skal gå til å vidareutvikle veterinærmedisinsk legemiddelregister, styrke basisløyvinga til forskning mot antibiotikaresistens og til å auke kunnskapen om utbreiing og spreiing av antibiotikaresistens hjå dyr.

I tillegg til løyvingane på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett, er det sett av midlar til arbeid mot antibiotikaresistens på Helse- og omsorgsdepartementets budsjett.

Skrantesjuke hjå hjortedyr

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvingane til arbeidet mot Chronic Wasting Disease (CWD), også kalla skrantesjuke, med 5 millionar kroner. CWD er ein prionsykdom hjå  hjortedyr som i 2016 er påvist hjå villrein og elg i Noreg.

Skrantesjuke er dødeleg for hjortedyr. Den har aldri smitta til menneske. 

– Når det er gjort funn av ein så alvorleg sjukdom hjå viltlevande dyr i Noreg tek vi dette på største alvor, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. – Det er allereie gjennomført tiltak for å hindre vidare spreiing av sjukdomen. I samband med haustjakta i år blir det gjennomført ein stor dugnad for å kartleggje kor utbreidd sjukdomen er. Vi styrker også forskinga på denne sjukdomen, seier Dale.

I samarbeid med Veterinærinstituttet og miljøstyresmaktene har Mattilsynet hausten 2016 sett i verk ei stor kartlegging av skrantesjuke. Norske jegerar skal levere inn tusenvis av prøver til dette kartleggingsarbeidet. Veterinærinstituttet er i gang med eit større forskingsarbeid der ein m.a. freistar å utvikle ein metode for å kunne påvise CWD på levande dyr.

Bioøkonomi

Regjeringa vil styrke løyvingane til Noregs forskingsråd med 50 millionar kroner for å legge til rette for ein kunnskapsbasert bioøkonomi. Av desse gjer ein framlegg om å løyve 20 millionar kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet, og 30 millionar kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

– Samfunnet må i framtida vere bygd på ein økonomi som i større grad er basert på effektiv og berekraftig bruk av fornybare ressursar som inngår i eit kretslaup, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  Ressursar frå jord, skog og hav kan gi oss eit mangfald av produkt, som matvarer, dyrefôr, energi, medisinar, byggjematerialar, kjemikalia mv. Ei satsing på bioøkonomien vil bidra til auka verdiskaping, omstilling og eit grønt skifte, seier Dale. 

– Det er utvikling av ny kunnskap og teknologi som gjer det mogleg å utnytte ressursane frå jord, skog og hav meir effektivt, berekraftig og lønsamt. Difor legg vi mykje ressursar i forsking på dette området, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Treprogram

Den sterke prioriteringa av skogsvegar og tømmerkaier, og det utvida mandatet for Investinor som ligg i budsjettframlegget, inneber at regjeringa føreslår å ikkje føre vidare særskilte løyvingar til tresatsingstiltak.

– Det er naturleg at næringa – etter 15 år med offentleg innsats gjennom Trebasert Innovasjonsprogram og tidlegare ordningar – no sjølve tek hand om utvikling av verdikjeda og nye produkt som kan styrkje lønsemda og konkurranseevna i næringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Næringa har høve til å søkje om støtte til innovative prosjekt som fremjar bruken av tre gjennom andre program i Innovasjon Noreg. 

Ei meir effektiv forvaltning

Talet på tilsette i landbruks- og matforvaltninga er redusert sidan 2010. Sidan 2013 har dei reelle løyvingane til drift av Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og Landbruksadirektoratet blitt redusert med til saman 65 millionar kroner. For 2017 er det lagt opp til ein vidare reduksjon på 13,4 millionar kroner. 

– Ei meir effektiv forvaltning vil vere eit sentralt punkt i dei meldingane regjeringa skal leggje fram for Stortinget om jordbruk, skogbruk og reindrift, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.