Historisk arkiv

Meir til skogvegar og innovasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Tilleggsproposisjon for statsbudsjettet 2014

I sitt forslag til budsjett for 2014 løyver Høgre - FrP regjeringa meir pengar til bygging av skogsvegar, og foreslår ei ny ordning som skal hjelpe fram gründarane innan landbruks- og matsektoren.

I sitt forslag til budsjett for 2014 løyver Høgre - FrP regjeringa meir pengar til bygging av skogsvegar, og foreslår ei ny ordning som skal hjelpe fram gründarane innan landbruks- og matsektoren.

10 millionar meir til skogsvegar
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til skogsvegar med 10 millionar kroner. Denne løyvinga må sjåast i samanheng med løyving til skogsvegar over Landbrukets utviklingsfond. Skogsvegar er ein føresetnad for å kunne drive skogen aktivt og hente ut tømmer.

Norge er har den desidert lågaste skogsvegdekninga i Skandinavia. Dei beste områda i Norge har berre halvparten så mykje skogsvegar som i Sverige.

- Skogsvegbygginga i Norge ligg på eit historisk lågt nivå. Resultatet er at store skogsområde blir liggjande ubrukt. Meir skogsvegar er viktig for skogbruket og noko eg vil prioritere framover, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

- Norsk skogbruk og skogindustri er innpå 25.000 arbeidsplassar spreidd over heile landet. Det er ei næring som konkurrerar i den internasjonale marknaden. Den offentlege pengebruken er forsvinnande liten i høve til den store verdiskapinga næringa står for, poengterer Listhaug.

- Aktiv bruk av skogane våre og meir bruk av tre til bygg- og energiformål er samstundes av dei mest effektive klimatiltaka vi kan gjere, seier Listhaug. – Tre som veks tek opp i seg CO2. På denne måten bind dei norske skogane allereie halvparten av dei menneskeskapte klimautsleppa. Dess meir aktivt vi driv skogane, høgg tømmer og plantar ny skog, dess meir CO2 kan dei norske skogane handtere, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug, som meiner den rødgrønne regjeringa har forsømt seg med ikkje å satse meir på skogbruket.

Regjeringa gjer framlegg om å avvikle energiflisordninga, som har gitt tilskott til å ta ut råstoff frå skogen til flis- og energiproduksjon.

- Denne tilskottsordninga vart innført som eit førebels tiltak for sysselsetjing og for å utvikle marknaden for bioenergi. Ordninga har fungert slik det var tenkt, og har medverka til stor vekst i produksjon og etterspurnad av biobrensel. Det er grunn til å tru at marknaden nå vil fungere bra utan slike særskilte stimuleringstiltak, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

Regjeringa gjer også framlegg om å redusere løyvinga til Trebasert innovasjonsprogram med 8 millonar kroner ned til om lag 20 millionar kroner.

Listhaug vrir midler over på auka innovasjon i landbruket
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 5 millionar kroner til å løfte fram vekstverksemder innan landbruks- og matsektoren.

- I den korte tida eg har vore statsråd så har eg møtt mange engasjerte og dyktige menneske. Eg ser at her er det stor skaparkraft og mange som ønskjer å utvikle ny og framtidsretta næringsverksemd i landbruket. Eg er oppteken av å støtte og hjelpe fram gründarar i den sårbare oppstartsfasen, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

Løyvinga vil bli nytta til å etablere inkubatorar i regi av Selskapet for industrivekst (SIVA) ulike stader i landet. Inkubatorane er ei fødestove for nye bedrifter. Gjennom deltaking i satsinga får gründarar tett oppfølging frå personar med lang erfaring frå etablering av nye verksemder. Fleire konkurransedyktige verksemder skal gje ein breiare næringsstruktur og nye arbeidsplassar i ulike deler av landet. Satsinga skal også styrke arbeidet med å nytte kunnskap frå forsking til etablering av verksemder med utspring i sektorens forskingsmiljø, understrekar landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

- Me ønskjer å delta i SIVA si inkubatorsatsing fordi evalueringar har synt at gründerar som får kompetent bistand i etableringsprosessen ofte er avgjerande for om etableringane blir vellukka, seier Listhaug. Dette er et ledd i å utvikle alternativ næringsverksemd i landbruket, jf Regjeringas plattform.

Landbruks- og matforsking
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga innanfor forskingsprogram i regi av Norges forskningsråd på landbruks- og matområdet med i overkant av ni millionar kroner samanlikna med vedtatt budsjett for 2013.

Forsking for auka matproduksjon og betre konkurransekraft i næringsmiddelindustrien blir prioritert. Forskingsinnsatsen innan fornybar energi og på skogbruk blir vidareført på høgt nivå. Regjeringa legg vekt på forsking som stimulerer nyskaping i landbruks- og matsektoren.

Det er gjort framlegg om reduksjon på basisløyving til forskingsinstitutta.

Ikkje matkornlager
I sitt budsjettframlegg for 2014 gjorde den rødgrønne regjeringa framlegg om å løyve 5 millionar kroner til etablering av beredskapslagring av matkorn. Dette blir foreslått tatt ut.

- Det er liten grunn til å rekne med at Norge vil vere utestengt frå internasjonale marknader over tid. Det har ikkje vore usikker tilgang på kveite på den internasjonale marknaden, og det er lite som tilseier at det vil bli det framover, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

Beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/vesterålen og nordover blir også foreslått avvikla.

Mattilsynet
Det vil bli vurdert om regelverket kan forenklast. Spesielt gjeld dette regelverk som Noreg ikkje er forplikta til å ha etter EØS-avtalen. I effektiviseringsarbeidet vil det bli vurdert organisatoriske endringar. Det blir derfor gjort framlegg om ein viss reduksjon i løyvinga til drift av Mattilsynet. Samstundes blir det foreslått å auke gebyrinntektene, slik at desse faktisk dekker kostnadene med å utføre dei tenestene gebyra skal dekke.

Generell gjennomgang
Av den politiske plattforma til Høgre-FRP-regjeringa framgår det at regjeringa vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk og halde orden i økonomien. Offentleg pengebruk skal tilpassast situasjonen i økonomien. Det samla skatte- og avgiftsnivået skal reduserast.

I tråd med dette er det gjort fleire mindre justeringar og reduksjonar i framlegget til budsjett 2014 for Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde. Til saman blir det gjort framlegg om ein netto reduksjon av budsjettet med 101,5 millionar kroner. Dette utgjer 0,6 prosent av det samla budsjettet under Landbruks- og matdepartementet.