Jordbruksoppgjeret 2017:
Regjeringa følgjer opp føringane frå Stortinget: Tilbaud bøndene meir enn andre grupper
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Nr: 6 | Dato: 16.05.2017 | Sist oppdatert: 18.05.2017
Staten kom ikkje til semje med jordbruksorganisasjonane i årets jordbruksoppgjer. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er svært overraska over at jordbruksorganisasjonane seier nei til ein avtale som ville gitt bøndene ein vesentleg betre inntektsauke enn andre grupper. – Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har gått inn i desse forhandlingane utan reell vilje til å finne løysingar innanfor forsvarlege rammer. Det er den norske bonden som taper på dette, seier Dale. Regjeringa går nå til Stortinget med ein proposisjon basert på statens tilbod, som vart lagt fram 5. mai.
– Eg har stor respekt for norske bønder. Dei gjer ein særs viktig jobb, og matproduksjonen er viktig i distrikta. Regjeringa var derfor innstilt på å strekke seg langt, - svært langt, både på inntektsramma og korleis pengane skulle fordelast i jordbruket, seier Jon Georg Dale.
Jordbruksoppgjøret 2017
Sjå sendinga her
God inntektsvekst i jordbruket
– Når andre grupper her i landet i årets lønnsoppgjer ligg an til ein lønnsauke på om lag 3 prosent frå 2017 til 2018, ville det vore urimeleg å innfri bondeorganisasjonane sitt krav på 9 prosents inntektsvekst, seier Dale. – Dette kjem på toppen av ein inntektsvekst i jordbruket på 18,1 prosent frå 2014 til 2017, medan andre grupper i same periode har hatt 7,1 prosent vekst. Bøndene sitt brot vil ikkje bli forstått av andre grupper i samfunnet som i vanskelege økonomiske tider har vist stor vilje til moderasjon, seier Jon Georg Dale.
Inntektspotensiale opp mot 4,5 prosent
– Statens tilbod med ei ramme på 410 millionar kroner legg til rette for ein inntektsvekst i jordbruket på 2,25 prosent frå 2017 til 2018. Det gir til dømes inntektsmoglegheitar på ca 560.000 kroner for eit gardsbruk med 15 kyr, seier Dale.
– Dagens overproduksjon av lam- og svinekjøtt gjer at jordbruket taper inntekter på 350 millioner kroner. Ein betre balanse i marknaden, noko som er jordbrukets ansvar, vil i tillegg gitt ein inntektsvekst på 2,2 prosent. Tilbodet staten no går til Stortinget med gir derfor inntektspotensiale for jordbruket på opp mot 4,5 prosent dersom jordbruket betrar marknadsbalansen, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Regjeringa innstilt på å kome jordbruket i møte
– Bondeorganisasjonane har vore svært kritiske til fleire av våre forslag til endringar, og Regjeringa var innstilt på å kome dei i møte på mange punkt, seier Dale. – I løpet av forhandlingane har staten vore viljug til å auke inntektsramma for jordbruket slik at ein også utan å hensynta marknadsituasjonen ville fått betre inntekstmoglegheit enn andre grupper. Det er vanskeleg å forstå at Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag no seier nei til ei løysing som er vesentleg betre enn det Bondelaget inngjekk avtale på både i 2015 og 2016 seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Små og store gardsbruk i heile landet
Landbruks- og matministeren strekar under at Regjeringa har følgt opp Stortinget sine føringar for jordbrukspolitikken både med omsyn til inntekt og innretning.
– I samsvar med Stortingets behandling av jordbruksmeldinga legg staten i sitt tilbod vekt på å styrke grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelinga (arbeidsdeling mellom landsdelane) og gi rom for både små og store gardsbruk i heile landet, seier Dale.
– Dette er gjort ved å stimulere bruken av utmarksressursane, betre insentiva til kornproduksjon på areal som høver til dette, styrke distrikts- og strukturtilskota til grasbasert husdyrhald, og redusere støtten til grasbasert husdyrhald i kornområda. Staten prioriterer i sitt tilbod å styrke moglegheitene for vestlandsbøndene, og legg opp til ei klar forbetring av inntektsmoglegheitene i produksjon av korn, frukt og grønnsaker, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.