Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2019:

Auka næringsverksemd i jord- og skogbruk, klimatiltak og dyrehelse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Satsing på skogsvegar og tømmerkaier. Meir forsking på skog og klima. Ein jordbruksavtale som gir grunnlag for prosentvis lik inntektsvekst som andre grupper. Ekstra utbetalingar i samband med tørkesommaren 2018. Dette er hovudprioriteringane på Landbruks- og matdepartementets sitt område i statsbudsjettet for 2019.

Skogens klimafunksjon

Skogen spelar ei stor rolle for klimaet, den tek opp og lagrar karbon, og kan erstatte produkt som er laga av olje. Regjeringa vil prioritere 25 millionar kroner til forsking på skogens rolle i klimasamanheng. Satsinga skal medverke til å betre kunnskap om nyskapande bruk av skogsråstoff for grøn omstilling, samstundes som ein aukar karbonlageret i skogen. Noregs forskingsråd skal forvalte midlane.

Over jordbruksavtalen er det sett av 3 millionar kroner til eit forskingsprosjekt over fem år for å styrke kunnskapsgrunnlaget omkring skog og klima.

– Når skogen veks, tek han opp CO2 frå lufta og lagrar karbon i trea og i jordsmonnet. Dei norske skogane tek i dag opp halvparten av dei samla klimagassutsleppa. På den måten er skogen eit av våre beste hjelpemiddel for å ta hand om klimagassutsleppa, og samstundes leggje til rette for grøn konkurransekraft, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.

Historisk satsing på skogbruket

I statsbudsjettet for 2019 gjer regjeringa framlegg om å løyve 92,3 millionar kroner til skogsvegar og tømmerkaier. I perioden 2014-2018 er det løyvd til saman 760 millionar kroner til vegar og kaier. På Samferdsledepartementet sitt budsjett gjer regjeringa framlegg om å løyve 25 millionar kroner til utbetring av flaskehalsar på fylkesvegnettet, slik at ein kan få ein meir effektiv tømmertransport med større og tyngre tømmerbilar.

– Med dette har regjeringa levert ei historisk satsing på betre rammevilkår for skogbruket, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud. – Dette gir grunnlag for å auke produksjonen og lønsemda i næringa, samstundes som det gir mange nye arbeidsplassar i distrikta, seier Hoksrud.

Meir bruk av haustbare viltressursar

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 2 millionar kroner til ei ordning som skal stimulere barn og ungdom til å bruke utmarksressursane meir aktivt gjennom jakt og fiske.

– Det er ved å bruke naturen aktivt at ungdomen får kunnskapar, interesse og forståing for desse ressursane. Dermed blir det lagt grunnlag for næringsutvikling i framtida, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.

Ansvaret for forvaltninga av dei haustbare viltressursane vart våren 2018 overført frå Klima-og miljødepartementet til  Landbruks- og matdepartementet.

Jordbruksoppgjeret 2018

Viktige delar av dei jordbrukspolitiske verkemidla blir utforma i dei årlege jordbruksforhandlingane. I årets jordbruksoppgjer prioriterte partane område der det er høve til å auke produksjonen; korn, poteter, frukt og grønt. Det vart innført eit nytt tilskott for små- og mellomstore mjølkegardar, og overført midlar til areal som er vanskelege å drive. Samstundes ligg strukturgrepa frå tidlegare avtaler fast.

Jordbruksoppgjeret 2018 har ei total ramme på 1100 millionar kroner. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvingane med 812 millionar kroner til gjennomføring av avtalen. Dette er den største auken i løyvingane på svært lenge. 

– Jordbruket er til stades og skapar arbeidsplassar i alle landets kommunar. Gode inntektsmoglegheitar over fleire år har gitt stor interesse for å investere og vere med å utvikle næringa vidare. Spesielt gledeleg er det at talet på søkjarar til landbruksutdanning held seg bra oppe, og at unge menneske vil satse i jordbruket, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.

Tørkesommaren 2018

Langvarig tørke og varmt vér ga sommaren 2018 stor avlingssvikt over store delar av landet. Små avlingar førte til at mange bønder ikkje fekk nok fôr til dyra sine. Gjennom sommaren gjennomførte Landbruks- og matdepartementet i nært samarbeid med jordbruksorganisasjonane ei rekkje tiltak for å avhjelpe situasjonen.

Staten og jordbruksorganisasjonane vart 30. august samde om at det skal bli utbetalt 525 millionar kroner i ekstra kompensasjon som følgje av tørken og avlingsskader. Det vart den 28. september lagt fram ein eigen proposisjon til Stortinget om tillegg til Jordbruksoppgjeret 2018 som følgje av tørken. Dette kjem i tillegg til auka utbetalingar over den ordinære avlingsskadeordninga, som er rekna til å bli om lag 1300 millionar kroner.

Skrantesjuke

Regjeringa set mykje inn på at hjorteviltsjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) ikkje skal få fotfeste i Noreg. Dette er ein dødeleg sjukdom som i 2016 vart påvist hjå villrein i Noreg. Villreinflokken i Nordfjella, der det var påvist smitte i nokre dyr, vart teke ut vinteren 2018, og det blir nå gjennomført omfattande prøveuttak for å kartleggje om sjukdommen finst andre stader. Fram til oktober 2018 er det undersøkt 53.000 prøver frå ulike artar av hjortedyr. Ingen av desse har påvist CWD etter uttaket av stamma i Nordfjella.

Antibiotikaresistens

Regjeringa har vedteke ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens. Noreg er det landet i Europa som bruker minst antibiotika til matproduserande husdyr. I strategien er det mål om reduksjon i forbruket av antibiotika til matproduserande landdyr med 10 prosent i perioden 2013-2020, og minst 30% reduksjon til kjæledyr. Noreg er ein pådrivar internasjonalt for redusert forbruk og utvikling av nye antibiotika.

Landbruksdirektoratet

Regjeringa har vedteke at 30 årsverk i Landbruksdirektoratet skal flyttast frå Oslo til Steinkjer. Regjeringa ønskjer med dette å byggje opp gode statlege kompetansemiljø utanfor dei største byane. Eininga i Steinkjer skal vere på plass innan oktober 2020. Det er gjort framlegg om å løyve 17 millionar kroner til meirkostnader i samband med etableringa i Steinkjer.

Oppdatert nasjonal jordvernstrategi

Regjeringa legg i dag fram ein oppdatert jordvernstrategi i statsbudsjettet for 2019, etter oppmoding frå Stortinget.