Statsbudsjettet 2022:
Auka matproduksjon og berekraftig jordbruk over heile landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Nr: 5 | Dato: 12.10.2021
I statsbudsjettet 2022 er det gjort framlegg om å auke løyvingane på Landbruks- og matdepartementet sitt område med 7,1 prosent til 22,6 milliardar kroner.
Regjeringa gjer for 2022 framlegg om å auke Mattilsynet sitt budsjett knytt til digital dialog og deling av data med 10 millionar kroner.
– Mattilsynet vil med dette bli betre i stand til å målrette og effektivisere den offentlege kontrollen, mellom anna knytt til dyrevelferd, seier landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad.
Helsesituasjonen i norsk husdyrhald er god. Noreg er blant dei landa i Europa som har lågast forbruk av antibiotika og førekomst av resistens i husdyrhaldet. Forbruket av antibiotika til matproduserande landdyr i Noreg er redusert med 10 prosent samanlikna med forbruket i 2013.
Det er etablert dyrekrimeiningar i alle politidistrikt og i alle regionane til Mattilsynet. Det er innført krav om obligatorisk dyrevelferdsprogram for å betre velferda for svin. Det er gjennomført fleire smittereduserande tiltak mot skrantesjuke.
Regjeringa vil starte arbeidet med ei ny dyrevelferdsmelding.
Jordbruksavtalen 2021-2022: Inntektsvekst
Stortinget vedtok i juni regjeringa sitt forslag til jordbruksoppgjer for 2021-2022. Oppgjeret har ei ramme på 962 millionar kroner og legg til rette for ein gjennomsnittleg netto inntektsvekst frå 2021, før oppgjer, til 2022 på om lag 4,5 prosent (18 700 kroner).
– I årets oppgjer prioriterer regjeringa små- og mellomstore bruk i distrikta, og klima- og miljøtiltak, seier landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad.– Jordbruksavtalen prioriterer sektorar med marknadspotensial, slik som korn, frukt, grønt og potet. Dette vil gje høgare sjølvforsyning, seier Bollestad.
Samla matproduksjon i Noreg har aldri vore større enn i dag. Det siste tiåret har det samla produksjonsvolumet i jordbruket i følgje normalisert rekneskap auka med 5,8 prosent.
Sidan 2014 har den årlege budsjettstøtta til jordbruket over jordbruksavtalen auka med 3,5 milliardar kroner frå 14 til 17,5 milliardar kroner. Midlar til investeringsstøtte har i den same perioden auka med 29 prosent til i alt 679,5 millionar kroner for 2022.
Gode rammevilkår for reindrifta
Reindriftsavtalen for 2021-2022 har ei samla ramme på 164,5 millionar kroner. Det er ein auke på 15 millionar kroner frå den inneverande avtalen. Avtalen legg vekt på å sikre reindrifta sine areal, kriseberedskap, og tiltak for å ivareta reindriftsutøvarar som ikkje får bruke beiteområda sine i Sverige.
– Det har vore viktig for denne regjeringa å gje reindrifta gode rammevilkår, difor er den samla ramma for reindriftsavtalane auka med heile 34 prosent sidan 2018, seier landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad.
Det er nå gjort tiltak som skal sikre eit stabilt reintal på berekraftig nivå. Det er gjort endringar i reindriftslova som legg til rette for obligatorisk individmerking av rein. Det er etablert eit system for kriseberedskap, som er styrkt med grunnlag i røynslene frå beitekrisa i 2020.
Optimisme i skog- og trenæringa
Det er optimisme i skog- og trenæringa med høge tømmerprisar og stor hogstaktivitet. Hogsten dei siste fem åra er den høgaste som er registrert i Noreg. Treindustrien er i positiv utvikling.
– Regjeringa vil leggje til rette for verdiskaping bygd på fornybare biologiske ressursar. Dette er sirkuær økonomi i praksis, seier landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad.
– Det ligg eit stort potensial for verdiskaping og miljøvinstar i meir aktiv bruk av skogressursane. Eit aktivt skogbruk som tek omsyn til miljøverdiar og friluftsliv, saman med ein lønsam foredlingsindustri, gir positive nærings-, energi- og klimabidrag, seier Bollestad.
Det er sett i verk ekstraordinære tilskottsordningar for å sikre skogplanting og aktivitet i skogbruket under koronapandemien.
Avvikling av pelsdyrproduksjonen
Stortinget har vedteke avvikling av pelsdyrproduksjonen innan 1. februar 2025. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til kompensasjon og erstatning etter avvikling av pelsdyrhald med 1120 millionar kroner til 1470 millionar kroner. Oppdrettarar som hadde pelsdyr etter 1. januar 2015 og som eigde eit forskriftsmessig anlegg 15. januar 2018, skal få erstatning utmålt etter reglane i ekspropriasjonserstatningslova så langt det høver, eller eventuelt etter nedskriven attskaffingsverdi.
Redusere klimagassutsleppa og auke opptaket av karbon
Utsleppa av klimagassar frå jordbruket har blitt redusert med 6,6 prosent frå 1990 til 2020.
Det er inngått ein avtale med organisasjonane i jordbruket om reduserte klimagassutslepp og auka opptak av karbon for perioden 2021–2030.
Jordbruksoppgjeret 2021-2022 gir eit vesentleg bidrag for å oppfylle klimaavtalen mellom staten og jordbruket. Avsetjingane med klima- og miljøverknad vart auka med 238 millionar kroner.
Klimatiltaka i skog blir ført vidare. Det gjeld tilskottsordningar for auka opptak av CO2, gjødsling av skog og tettare planting.
Jordvern
Nedbyggjinga av dyrkajord er dei siste åra redusert til om lag 4.000 dekar. Dette er det lågaste nivået sidan ein tok til å måle dette i 1976. Regjeringa vil følgje opp den nye jordvernstrategien. Målet her er at den årlege omdisponeringa av dyrka mark skal vere under 3 000 dekar i 2025.