Historisk arkiv

Kronikk:

Handel trygger landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Den langvarige tørken er krevande for landbruket. Kornavlingane er lågare enn normalt. Det same gjeld for grønsaker, frukt og andre vekstar. Grovfôravlingane dekker ikkje behovet for fôr i mjølke- og kjøttproduksjonen til vinteren. Å stenge grensene er ikkje svaret på tørken i landbruket.

Eg registrerer at fleire politiske parti og representantar frå bøndene, bed om meir proteksjonisme og mindre handel som svar på tørken. Konkret ynskjer dei å stoppe iverksettinga av den nye artikkel 19-avtalen om handel med landbruksvarer som fleirtalet på Stortinget og EU er samde om, og settes i verk 1. oktober. Argumentasjonen kjenner vi frå andre landbrukspolitiske debatter der stengde grenser ofte er svaret.   

Meir proteksjonisme og isolasjon er ikkje svaret på tørken – snarare er det motsett. Det er handelen som no avhjelper i den spesielle tørkesituasjonen, og som er eit viktig grunnlag for norsk jordbruksproduksjon på både kort og lang sikt. Landbrukspolitikken har vore, og vil alltid vere, avhengig av handel med andre land.

Mangelen på grovfôr i husdyrproduksjonen må møtast med tiltak som betrar utnyttinga av norske ressursar som halm, auka beitebruk, eller andre måtar som er rett for den einskilde bonde. Samstundes vil det vere behov for import av fôr, slik vi no ser vert gjort frå mellom anna Island. Regjeringa har fjerna tollen for import av høy, halm og anna grovfôr. Denne importen vil for mange bønder vere eit avgjerande tillegg til eigen fôrproduksjon.  

I desse dagar fordeler også Landbruksdirektoratet større kvotar for import av råvarer til kraftfôr. Produsentane treng dette for å kunne produsere meir fiberrik mat til husdyra. Dette gjer det mogeleg med ein mindre grovfôrdel i fôring av husdyra til vinteren. Dette er viktige tiltak der import bidreg til å auke fôrtilgangen og soleis redusere behovet for å slakte dyr. Nok ein gong fungerer handelen for norske bønder.

Tiltaka er dagsaktuelle eksempel på at norsk landbruk er avhengig av handel. Landbruksproduksjonen slik vi kjenner den i dag, er i stor grad bygd opp på ein fungerande handelspoltikk.

Regjeringa har som ambisjon å produsere det vi har naturgitte føresetnader for. Matproduksjonen veks og har aldri vore høgare enn med denne regjeringa. Vårt klima og krevande tilhøve for produksjon set imidlertid grenser for kva vekstar vi kan produsere. Dersom norske forbrukarar skal få dei varane dei etterspør er vi avhengige av import. Erfaringa er at vi òg i periodar har importbehov av varer som vi har gode føresetnader for å produsere. Det er først med denne regjeringa vi er sjølforsynte med lammekjøtt, og sjølv om produksjonen veks er vi fortsatt avhengig av import av storfekjøtt for å dekke etterspurnaden. Med andre ord: Hadde vi ikkje hatt importen, hadde ikkje norske forbrukarar fått den biffen dei ynskjer. Regjeringa skal fortsatt legge til rette for at norske bønder skal kunne auke sin produksjon. I mellomtida hjelp handelen oss.

I 2017 besto 40 prosent av kraftfôret til husdyr av importerte råvarer. Dette er i hovudsak råvarer vi ikkje kan produsere sjølv utan at det går på bekostning av norsk kornproduksjon. Norske Felleskjøp skriv i sin rapport «Rom for bruk av norsk korn» at det er behov for import av minst 185 000 tonn energirike råvarer til kraftfôr som ikkje vert produsert i Norge. Norsk produksjon av matkorn er heller ikkje tilstrekkeleg til å dekke forbruket. Difor må vi importere om lag 100.000 - 200.000 tonn årleg.

Utan import av traktorar, reiskap og andre produksjonsmiddel ville norsk landbruk vore heilt annleis – mindre produktivt og meir tungdrevet. Landbruket har alltid vore flinke til å ta i bruk ny teknologi, noko som har gjort næringa meir effektiv, samstundes som det har gjort næringa attraktiv for unge bønder.

Noreg er ein handelsnasjon med ein liten økonomi og store eksportinteresser. Heile vår velferd er bygd på at vi eksporterer råvarer til våre handelspartnarar. Eksporten av olje og gass var i 2017 på 442 mrd. kroner, medan eksporten av sjømat var på 94,5 mrd. kroner. Det gjer at handelspoltikken er avgjerande for vidare velstandsutvikling.

Regjeringa skal fortsette å styrke norsk matproduksjon, og har ein klar ambisjon om å produsere meir mat i Noreg. I den situasjonen norske bønder no er i etter tørkesommaren, vil utfordinga bli langt større om Noreg skulle bryte sin lange tradisjon og no stoppe handelen.

Politikarar og bønder som vil stoppe handelen tek ein enorm risiko. Kva om andre land skulle gjere det same? Noreg ville stå att som den store taparen. Handelen er løysinga, ikkje problemet, også for norsk landbruk.