Lønnsemd er nøkkelen til vidare vekst i sjømatindustrien
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 27.11.2013
- Dette er eit høgt prioritert område for regjeringa, og eg er glad for at utvalet som skal gå gjennom rammevilkåra til sjømatindustrien er godt i gang med arbeidet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
- Dette er eit høgt prioritert område for regjeringa, og eg er glad for at utvalet som skal gå gjennom rammevilkåra til sjømatindustrien er godt i gang med arbeidet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
- Eg har poengtert at utvalet står fritt i arbeidet sitt til å sjå heile verdikjeda under eitt. Vi kan ikkje isolere sjømatindustrien og sjå bort frå problemstillingar som er aktuelle og relevant i ledda før eller etter. Dette er eit svært kompetent utval, og eg ser fram til å ta i mot utvalet sine tilrådingar til det dei meiner er framtidsretta løysingar på utfordringane som finst i dei ulike deler av næringa, seier fiskeriminister Aspaker.
Utvalet som skal vurdere rammevilkåra til sjømatindustrien hadde møte i Oslo i dag. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker og medlemmene i utvalet gjekk gjennom mandatet og drøfta viktige sider ved utvalet sitt arbeid.
- I regjeringserklæringa legg vi vekt på at lønnsemda i alle deler av næringa er ein viktig føresetnad for å sikre trygge arbeidsplassar. Eg er svært opptatt av å få til ein nasjonal debatt, dette er nødvendig for å få fram kva næringa betyr og kan bidra med i eit framtidig perspektiv, seier fiskeriminister Aspaker, som meiner utvalet har fått norsk sjømatnærings viktigaste oppdrag.
Sjømatindustriutvalet skal levere arbeidet sitt innan utgangen av 2014. Meir informasjon om utvalet, medlemmene og mandatet finn du her.