Enklare reglar ut på høyring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 20.06.2014
– Det er viktig for oss å få kaste lys over forslaga om enklare reglar for offentlege innkjøp så godt og breitt som råd er, seier næringsminister Monica Mæland.
Rapporten «Enklere regler – bedre anskaffelser» frå Forenklingsutvalet er no send ut på høyring.
Sjekk status for høyringa her.
– Eg oppmodar alle aktørar som dette vedkjem å komme med sine innspel og synspunkt. Det er viktig i arbeidet vårt med å følgje opp Forenklingsutvalet, seier næringsminister Monica Mæland.
Utgreiinga inneheld forslag til eit nytt og forenkla norsk innkjøpsregelverk.
– Dårlege offentlege innkjøp kostar både staten og næringslivet dyrt. Regjeringa arbeider no med å forenkle reglane. Forenklingsutvalet hjelper til med viktige innspel i dette arbeidet, seier Mæland.
Les også: Forenklingsutvalgets rapport overlevert til Mæland.
Vil du lese rapporten?
- Les eller last den ned frå våre nettsider.
- Privat sektor kan bestille rapporten via Fagbokforlaget, e-post offpub@fagbokforlaget.no, telefon 55 38 66 00.
- Offentlige institusjoner kan bestille rapporten via DSS, e-postpublikasjonsbestilling@dss.dep.no, telefon 22 24 20 00