Mæland til Kenya og Tanzania
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 15.09.2015
Næringsminister Monica Mæland (H) besøkjer denne veka Kenya og Tanzania for å fremje norsk næringsliv i ein viktig vekstmarknad.
Næringsministeren besøkjer Dar es Salaam, Arusha og Nairobi. I Dar es Salaam og Nairobi skal Mæland ha eit bredt næringslivsprogram og politiske møter. I Arusha skal ho mellom anna treffe generalsekretæren i Det austafrikanske fellesskapet (EAC) for å diskutere om EAC og EFTA på sikt kan forhandle fram ein frihandelsavtale.
- EAC er ein interessant og aktuell partnar for ein frihandelsavtale med Noreg og dei andre EFTA-landa. I første omgang ønskjer eg fortgang i arbeidet med å få skrive under ei samarbeidserklæring mellom EAC og EFTA. Deretter ønskjer eg å diskutere om det er mogleg å setje i gang forhandlingar om ein frihandelsavtale, seier Mæland.
Med seg på reisa har næringsministeren ein næringslivsdelegasjon, med deltakarar frå fleire sektorar, først og fremst olje- og gass, fornybar energi, akvakultur og import. Alle deltakarane har store ambisjonar for sine verksemder i regionen.
For å sikre at fleire norske bedrifter griper sjansen i vekstmarknadene i Aust-Afrika, oppretta Innovasjon Noreg eit kontor i Nairobi i 2014. Administrerande direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Noreg leiar næringslivsdelegasjonen som er med på reisa.