Norske styresmakter fekk grundig TTIP-orientering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
- Det er ny giv i TTIP-forhandlingane etter at TPP-avtalen blei inngått. Det er derfor ekstra viktig for EFTA og Noreg å følgje forhandlingane framover, seier EØS/EU-minister Vidar Helgesen etter ministermøte i EFTA måndag 23. november.
Nyhet | Dato: 24.11.2015
Den handelspolitiske dialogen mellom EU og USA var ei av dei viktigaste sakene då EFTA sine ministrar møttes i Genève måndag. USAs TTIP-forhandlar Michael Punke gav EFTA-ministrane ei grundig orientering om status i forhandlingane.
- Vi følgjer TTIP-forhandlingane nøye for å kartleggje korleis dei påverkar norske interesser. I tillegg formidlar vi våre synspunkt. Dette gjer vi også gjennom den handelspolitiske dialogen med USA, seier Helgesen.
Endringane i internasjonal handelspolitikk er merkbare. Nyleg inngjekk 12 land rundt Stillehavet ei omfattande handels- og investeringsavtale (TPP). Saman med TTIP, er dette avtaler som har påverka EFTA sitt arbeid.
- Desse avtalane gjer det enda viktigare for EFTA å komme i mål med forhandlingane vi har med for eksempel Vitenam, Malaysia og Filippinene. Vi ønsker også å styrkje relasjonane til land som Australia. Slik sikrar vi at bedriftene våre har best mogelege konkurransevilkår i Asia.
EFTA-ministrane understreka også kor viktig det er å modernisere gjeldande avtaler med Tyrkia, Mexico, Chile og Canada.
Noreg har formannskapet for EFTA hausten 2015. Vi hadde sist formannskapet i 2013.
FAKTA: TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership)
Noregs to viktigaste handelspartnarar, USA og EU, forhandlar om ein ny handelsavtale – TTIP – som vil ha stor tyding for verdenshandelen.
Til saman utgjer EU og USA rundt 35 prosent av verdensøkonomien.
TTIP vil dekkje meir enn 50 prosent av verda sitt BNP og stå for store delar av verda sin handel og direkte utenlandsinvesteringar.