Ønskjer styrekandidatar til Sjømatrådet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 21.04.2015
Fiskeriministeren ber om forslag til styrekandidatar.
Med ønskje om eit breitt utval av kandidatar inviterer fiskeriminister Elisabeth Aspaker føretak og organisasjonar i sjømatnæringa til å komme med forslag til kandidatar til styret i Sjømatrådet for kommande periode (2015-2017).
Sjømatrådet er eit heileigd statleg aksjeselskap som skal fremme verdiskapinga i fiskeri- og havbruksnæringa gjennom større etterspørsel og kunnskap om norsk sjømat i inn- og utland. Verksemda er finansiert av næringa gjennom ei marknadsavgift.
Nærings- og fiskeridepartementet har gjennomført endringar i forskrift 22 mars 1991 nr. 157 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer. Endringane gjeld både samansettinga av styret og prosessen for val av styre for Sjømatrådet. Endringane skal vere med på å sikre at styrevalet skjer i tråd med prinsippa for god eigarstyring slik det er nedfelt i siste eigarskapsmeldinga (Meld. St. 27 (2013-2014) Et mangfoldig og verdiskapende eierskap).
Styret i Sjømatrådet skal vere representativt for fiskeri- og havbruksnæringa. Styret kan bestå av 7-9 personar. I valprosessen blir det lagt vekt på relevant kompetanse og erfaring knytt til marknadstilhøve og økonomiske forhold som kan påverke sjømatnæringa nasjonalt og internasjonalt.
Forslag til kandidatar kan sendast til Nærings og fiskeridepartementet: postmottak@nfd.dep.no innan 15. mai.