Styrker samarbeidet med ideelle organisasjonar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyhet | Dato: 19.06.2015
Næringsminister Monica Mæland signerte i dag ein samarbeidsavtale med ideelle organisasjonar om helse- og sosialtenester.
– Vi har ein lang tradisjon i Noreg for å samarbeide med ideell sektor om viktige velferdsoppgåver. Regjeringa ønsker å følge opp denne tradisjonen, og vi har nå knytta kommunene tettare til samarbeidet, seier næringsminister Monica Mæland.
Regjeringa vil styrke og utvide samarbeidet om leveransar av helse- og sosialtenester. Mange av dei tenestene dei ideelle aktørane tilbyr, blir levert etter avtale med ein kommune. Av den grunn har det vore viktig for regjeringa å involvere kommunal sektor i samarbeidsavtalen. Regjeringa har derfor invitert KS inn som part i samarbeidsavtalen.
– Samarbeidsavtalen anerkjenner, synleggjer og styrker den viktige rolla som ideelle aktørar speler i det norske velferdssamfunnet, seier Mæland.
Avtalen skal mellom anna sikre god dialog mellom partane. Regjeringa, KS og ideell sektor skal ha jamlege møte for å drøfte aktuelle problemstillingar rundt leveransar av helse- og sosialtenester.