Nytt forslag på høyring:
Vil kutte serveringsloven
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 24.02.2016 | Sist oppdatert: 26.02.2016
Næringsminister Monica Mæland (H) vil gjere det enklare for folk som vil starte serveringsstad.
- Regjeringa ønsker at det skal være enkelt å starte og drive bedrift i Noreg. Serveringsloven skapar unødig papirarbeid, bruk av tid og gebyr for folk som vil starte serveringsstad. Derfor foreslår vi nå å oppheve denne loven, seier næringsminister Monica Mæland.
Forslaget skal nå ut på høyring.
Alle som skal drive serveringsstad må i dag ha løyve frå kommunen. Loven stiller mellom anna krav til vandel. Han seier også at dagleg leiar må ta ein etablererprøve.
- Vi har fått meldingar om at serveringsloven ikkje fungerer slik han var tenkt. Vi har mange andre lovar som skal sørge for eit godt arbeidsmiljø, trygg mat og at aktørane betaler skattar og avgifter. Serveringsloven bidrar ikkje til dette, seier Mæland.
Nærings- og fiskeridepartementet fekk i fjor ein rapport om den norske serveringsnæringa. Der tar bransjen til orde for å forenkle eller oppheve serveringsloven.
- Forslaget vi sender på høyring er ei god forenkling både for dei som vil drive serveringsstad og for dei offentlege styresmakten som regulerer bransjen, seier Mæland.