Høyring - fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 23.01.2017
Nærings- og fiskeridepartementet har avgjort å sende Noreg Fiskarlag sitt forslag om regulering av fisket etter reker i Skagerrak og Nordsjøen på høyring. Hovudsaka i forslaget er å lukke dette fisket for fartøy under 11 meter.
I dag er fisket berre lukka for fartøy på eller over 11 meter. Departementet vil gjere ei ny vurdering av saka etter høyringsrunden.
- Dette er ei sak med mange ulike synspunkt. Eg meiner derfor det er viktig å få opplyst saka best mogeleg. Ei open høyring kan bidra til det, seier statssekretær Ronny Berg.
Høyringsfrist er 28. april 2017.