Presseinvitasjon: Innspelsmøte om ny eksportstrategi
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 22.05.2017
Næringsministeren inviterer til møte om regjeringa sin strategi for eksport og internasjonalisering i Bergen.
I industrimeldinga varsla regjeringa ein ny eksportstrategi. No startar arbeidet. Næringsminister Monica Mæland inviterer difor, i samarbeid med Bergen Næringsråd, bedrifter til eit innspelsmøte 23. mai.
- Det er viktig å involvere næringslivet og andre relevante aktørar tett i dette arbeidet. Eg ser fram til fleire gode innspel i Bergen, seier Mæland.
Ho ønsker blant anna innspel om:
- Kva norske styresmakter kan gjere for å betre leggje til rette for auka eksport og internasjonalisering?
- Kva utfordringar norske eksportbedrifter møter internasjonalt?
- Kva skal til for at norske bedrifter skal gjere seg gjeldande internasjonalt?
- Korleis kan Noreg trekke til seg utanlandske investeringar og talent?
Eksport og internasjonalisering er viktig for verdiskaping og arbeidsplassar i dei fleste sektorar. I ei tid med handelspolitiske omveltingar, auka konkurranse i eksportmarknader, og endringar i innhaldet av norsk eksport, er det avgjerande at verkemidla våre er effektive og målretta.
Skriftlege innspel til strategien kan sendes til postmottak@nfd.dep.no