Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Møte om atomoppryddinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til informasjons- og innspelsmøte om atomoppryddinga etter Institutt for energiteknikk (IFE)  si verksemd.

- Atomreaktorane har vore viktige for Noreg, men no startar ein oppryddingsjobb som vil ta  tid og koste mykje pengar. Vi må finne både langsiktige og politiske løysingar på tvers. Regjeringa har difor starta arbeidet med ei stortingsmelding om oppryddinga, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Møtet er det første av tre. Dei vert arrangert i samband med regjeringa sitt arbeid med stortingsmeldinga om oppryddingsarbeidet.

Når: Torsdag 12. september klokka 11:30.
Kor:
Nærings- og fiskeridepartementet, Kongensgate 8, Oslo.
Påmelding for presse:
media@nfd.dep.no (hugs pressekort/ID med bilete).
Påmelding for andre:
kkj@nfd.dep.no

Stortingsmeldinga leggast fram i løpet av 2020. Det blir eit nasjonalt innspelsmøte i Oslo, og to regionale møte i kommunar som i dag er vertsskap for anlegga til Institutt for energiteknikk (IFE). Dei to andre møta skjer i Halden 16. september og Skedsmo 23. september.

- Solberg-regjeringa har som første regjering tatt ansvar for oppryddinga etter det norske atomeventyret og er opptatt av å ikkje overlate ansvaret til framtidige generasjonar, seier næringsministeren.

Førebels berekningar regjeringa har fått gjort, syner ein kostnad for oppryddingsarbeidet på i overkant av 20 milliardar kroner. Arbeidet vil kunne vare i 60-70 år før det siste avfallet er fjerna og deponert.

Bakgrunn


Forskinga ved dei norske atomreaktorane i Halden og på Kjeller har over dei siste tiåra bidrege til sikrare drift av atomreaktorar verda over, og kunnskapsutvikling og næringsutvikling i Noreg. Forskinga har gitt oss ny kunnskap om materiale og bidrege til å utvikle teknologi til oljeproduksjon i Nordsjøen. Dette har spart næringslivet for fleirfaldige titals milliardar kroner og gitt store inntekter til den norske staten. Etter at Institutt for energiteknikk har beslutta å stenge reaktorane i Halden og på Kjeller, startar ein stor oppryddingsjobb. Staten har ei aktiv rolle ved starten av dei norske atomreaktorane, og tar ei aktiv rolle i opprydding etter reaktordriften.

Les meir om atomavfall og dei norske atomreaktorane her.