Møte om turistfiskenæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 20.10.2019
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik møter tysdag 22. oktober turistfiskenæringa og myndigheitene til eit møte for å drøfte korleis ein kan ta eit oppgjer med dei useriøse aktørane i næringa.
-På møtet skal vi diskutere omdømmet og framtida til turistfiskenæringa, og korleis vi kan få slutt på den ulovlege aktiviteten som skjer. Det har vore fleire avsløringar om organisert kriminalitet i form av smugling. Og eg blir opprørt når eg høyrer om turistar som tek med seg den beste delen av fisken, og kastar resten. Slik smugling svekkjer omdømmet til turistfiskenæringa og aukar konflikten mellom fiskarar, turistfiskarar og kystbefolkninga, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik (FrP).
Næring i vekst
Dei siste tiåra har det har vore ein stor framvekst av reiselivsbedrifter langs kysten som legg til rette for turistfiske.
- Turistfiskenæringa begynner å bli ei stor næring med over tusen registrerte aktørar. Det gir fantastiske moglegheiter til verdiskapning langs kysten. Her som i fiskerinæringa er det dei få som driv cowboyverksemd som øydelegg for dei seriøse. Det er dei vi må stoppe. Eg er open for å vurdere alle gode forslag til tiltak som vil vere med å styrkje forvaltninga av fiskeressursane og omdømmet til turistfisket, seier Nesvik.
Representantar frå NHO Reiseliv, Yes Seafishing, Noregs Fiskarlag, Tollvesenet, Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet vil delta på møtet.
Tid og stad: tysdag 22. oktober kl. 10-12. Kongens 8, Oslo
Møtet er ikkje ope for presse, men fiskeri- og sjømatministeren kan svare på spørsmål etter møtet.