Presseinvitasjon:
Næringsministeren til Hallingdal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyhet | Dato: 25.06.2020
- Det har vore ein krevjande vår for norsk næringsliv, men no er me i gang med å gjenopne samfunnet litt etter litt. Eg ser fram til å møte verksemder i Hallingdal for å høyre meir om framtidsutsiktene for næringslivet i denne spanande regionen, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Næringsministeren startar med eit besøk hos Hallingdal Feriepark, som tilbyr 5-stjerners camping og et mangfald av opplevingar. Deretter går turen vidare til Ålhytta, som lagar modulhytter, som mellom anna har brukt koronatida til digital omstilling.
Program måndag 29. juni
12.30 Bedriftsbesøk Hallingdal Feriepark
13.40 Bedriftsbesøk Ålhytta
Pressekontakt:
Presse som ynskjer å delta på besøket kan ta kontakt med:
Statssekretær Jan-Christian Kolstø (med på reisa), jan-christian.kolsto@nfd.dep.no, telefon 920 56 081 eller pressevakta i Nærings- og fiskeridepartementet: media@nfd.dep.no, rørleg telefon 902 51 303 (ikkje snøggmelding sidan nummeret koplast vidare)