Per Sandberg tilsett som vikarierande fiskeridirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 15.12.2020
Konstituert fiskeridirektør Per Sandberg er tilsett som fiskeridirektør fram til oktober 2021.
Frank Bakke-Jensen blei i haust utnemnt til ny fiskeridirektør, men kan ikkje tiltre stillinga så lenge han er innvald på Stortinget som stortingsrepresentant.
- Med Per Sandberg får vi ein dyktig vikar, og som kjenner direktoratet godt. Med dei viktige oppgåvene som direktoratet står framfor, var det viktig for oss å få ein person i denne stillinga som kan drive arbeidet framover, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.