Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Inviterer til møte om havbruksstrategien

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen ber næringsorganisasjonar, ideelle organisasjonar, klynger og andre relevante aktørar om å kome med innspel til den nye havbruksstrategien.

–Havbruksnæringa produserer berekraftig og sunn mat til ei aukande verdsbefolkning. Næringa er ei av våre viktigaste eksportnæringar. Med havbruksstrategien ønskjer vi å stake ut kursen for framtida, og i dette arbeidet ønskjer vi god dialog med næringa og organisasjonane, seier fiskeri- og sjømatministeren.

Fiskeri- og sjømatministeren varsla tidlegare i vinter at det skal leggast fram ein ny havbruksstrategi.

Nærings- og fiskeridepartementet har invitert næringa, organisasjonar og andre relevante aktørar til å kome med innspel.

Alle dei tre møta er digitale. Presse som ønskjer å delta må melde seg på her: media@nfd.dep.no.

 

Når: Mandag 15. februar, kl 14:00.

Kva: Møte med næringsorganisasjonar.

 

Når: Tysdag 16. februar, kl 14:00.

Kva: Møte med ideelle organisasjonar.

 

Når: Onsdag 17. februar, kl 14:00.

Kva: Møte med klynger og andre aktørar.