Revidert nasjonalbudsjett 2014:
480 laksemillionar til kommunane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Nr: 46/2014 | Dato: 14.05.2014
-Kommunane skal få meir igjen for å leggje til rette for havbruk. Det er gledeleg at vi no kan gje vertskommunane og lokalsamfunnet ein større del av vederlaget som næringa betaler, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
-Kommunane skal få meir igjen for å leggje til rette for havbruk. Det er gledeleg at vi no kan gje vertskommunane og lokalsamfunnet ein større del av vederlaget som næringa betaler, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
15 av dei 45 grøne oppdrettsløyva som vart tildelte i 2013 vart auksjonerte bort i ein lukka bodrunde. Dei fekk ein langt høgre pris enn rekna med, og kommunane der løyva blir lokaliserte får difor auka sin del av vederlaget.
Inntektene frå sal av konsesjonar er i statsbudsjettet for 2014 rekna til 450 millionar kroner. Av dette skulle 180 millionar kroner gå til kommunane. I det reviderte budsjettet foreslår regjeringa å auke kommunane sin del med 301 millionar kroner.
I tilleggsproposisjonen for 2014-budsjettet vart det lagt til grunn at vertskommunane for oppdrettsløyva skal ha 40 prosent av inntektene. Sidan løyva som vart selde på auksjon oppnådde vesentleg høgre prisar enn løyvinga tok høgde for, aukar kommunane sin del med 301,7 millionar kroner, til 481,7 millionar kroner. Samla vederlag frå opprettskonsesjonane aukar til om lag 1,2 milliardar kroner.
Kompensasjon for auka meirverdiavgift etter omlegging av forskingskvoteordninga
– Løyvinga gjer at vi kan halde oppe forskingsaktiviteten på dagens nivå, samtidig som vi behandlar statlege og private aktørar likt, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Regjeringa foreslår å løyve 29 millionar kroner til refusjon av meirverdiavgift i samband med omlegging frå forskingsfangst til avgiftsfinansiert løyving. Omlegginga inneber at fiskeriforsking og overvaking som tidlegare har vore finansiert gjennom tildeling av forskingskvotar i staden blir finansiert over statsbudsjettet. Den nye ordninga har ført til utilsikta kostnadsauke til meirverdiavgift for Fiskeridirektoratet og forskingsinstitusjonane NIFES og Havforskingsinstituttet.
2,5 millionar til å forenkle eksportattestar for fisk
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Mattilsynet med 2,5 millionar kroner for å styrkje arbeidet med å skrive ut attestar. Pengane skal brukast til å revidere det elektroniske tilsynssystemet MATS for å sikre meir fleksibilitet og ein funksjonalitet som er betre tilpassa behova i næringa. Det blir foreslått ein tilsvarande auke i gebyrinntektene frå næringa.
Napp og Sommarøy får 46 millionar til fiskerihamner
Regjeringa foreslår ei tilleggsløyving på 46 millionar kroner over samferdselsministeren sitt budsjett for 2014. Midlane blir fordelt med 16 millionar kroner til Napp og 30 millionar kroner til Sommarøy.
- Fiskerihamnene er viktige for å kunne vidareutvikle fiskerinæringa. Løyvinga på 46 millionar betyr at arbeidet i dei to fiskerihamnene kan starte til hausten, og det blir mogleg å gjennomføre prosjekta som opprinneleg planlagt, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
I arbeidet med ein ny hamnestrategi skal rammene for staten sitt engasjement i fiskerihamner vurderast.
Les saka om fiskerihamner på Samferdselsdepartementet sine nettsider.
Les flere nyheter fra revidert nasjonalbudsjett: