Andre innspelmøte om melding til Stortinget om havbruksnæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Nr: 83/2014 | Dato: 19.08.2014
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker inviterer til det andre innspelmøte om ny melding til Stortinget om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst i havbruksnæringa. Møtet skal haldast i Bergen.
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker inviterer til det andre innspelmøte om ny melding til Stortinget om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst i havbruksnæringa. Møtet skal haldast i Bergen.
Tid: 2. september kl. 10.00-14.00.
Stad: Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrresgate 49 - Bergen
Hovudmålet med meldinga er å drøfte korleis Noreg kan auke verdiskapinga ved å fremme ein ny og føreseieleg politikk for kapasitetsvekst.
Møtet er ope og alle som er opptatt av dei framtidige rammevilkåra til havbruksnæringa er velkomne til å dele tankar og idear og drøfte politikk med fiskeriministeren.
Program:
Møteleiar: Prorektor Anne Lise Fimreite ved Universitetet i Bergen
1000 Velkommen ved prorektor Anne Lise Fimreite ved UIB
1005 Innleiing ved fiskeriminister Elisabeth Aspaker
1015 Arealutvalets forslag til handlingsreglar, ved leiaren i arealutvalet Peter Gullestad
1035 Den økonomiske verdien av føreseieleg vekst, ved professor Frank Asche, UIS
1055 Pause
1110 Havbruksnæringa sine synspunkt, ved Norske Sjømatbedrifters Landsforening
1130 Kva er berekraft, ved Bellona
1150 Lett servering
1215 Innspel frå salen og debatt
1300 Pause
1305 Innspel frå salen og debatt
1400 Slutt
Meld deg på her