Innspelmøte om melding til Stortinget – vekst i havbruksnæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Nr: 47/2014 | Dato: 14.05.2014
-Eg ønskjer innspel om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Ho inviterer til innspelmøte i Bodø 27. mai kl. 13.00 -16.30 på Universitet i Nordland.
- Eg ønskjer innspel om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Ho inviterer til innspelmøte i Bodø.
Fiskeriministeren inviterer til innspelmøte om ny melding til Stortinget
Tid: 27. mai kl. 13.00 -16.30
Stad: Universitet i Nordland.
Hovudmålet med meldinga er å drøfte korleis Noreg kan auke verdiskapinga ved å fremme ein ny og føreseieleg politikk for kapasitetsvekst.
Møtet er ope og alle som er opptatt av dei framtidige rammevilkåra til havbruksnæringa er velkomne til å dele tankar og idear og drøfte politikk med fiskeriministeren.
Program:
1300 Velkomen ved prorektor ved Universitet i Nordland, Grete Lysfjord
1305 Innleiing ved fiskeriminister Elisabeth Aspaker
1310 Den økonomiske verdien av føreseieleg vekst ved Atle Guttormsen, NMBU
1330 Havbruksnæringa sine synspunkt ved FHL
1350 Pause
1405 Kva er berekraft ved Karoline Andaur i WWF
1425 Arealutvalets forslag til handlingsreglar ved Peter Gullestad
1445 Pause
1500 Paneldebatt og spørsmål frå salen
1630 Slutt
--------------------------------------------------------------------------
Neste innspelmøte er i Bergen 02.09.2014