Priv. til red.
Markering av skreisesongen i Madrid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Nr: 24/2014 | Dato: 10.03.2014
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker besøkjer Madrid 18.-19. mars. Statsråden skal mellom anna ha politiske samtalar med den spanske ministeren for jordbruk, mat og miljø, Miguel Arias Cañete.
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker besøkjer Madrid 18.-19. mars. Statsråden skal mellom anna ha politiske samtalar med den spanske ministeren for jordbruk, mat og miljø, Miguel Arias Cañete.
Spania er ein viktig eksportmarknad for norsk sjømat. Noreg eksporterte sjømat for over 2 mrd. kroner til Spania i 2013 mot 1,7 mrd. kroner i 2012.
Tema under dei politiske samtalane vil vere bilateral sjømathandel, marknadsadgang for norsk sjømat, og om forvaltinga av våre felles fiskebestandar.
Aspaker skal under opphaldet også blant anna gjeste MercaMadrid, eit av dei største mat og- fiskemarknadene i landet, delta på seminar om berekraftig sjømat i regi av Noregs Sjømatråd, og besøkje sjømatbutikkar i den spanske hovudstaden.
I tillegg skal Aspaker gjeste Lerøy Processing Spania, eit nyetablert selskap som driv prosessering, pakking, sal og distribusjon av sjømat til den spanske marknaden.
Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgjevar Halvard Wensel – mob. 971 80 784