Revidert nasjonalbudsjett 2014:
Styrkjer den digitale sikkerheita
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Nr: 46/2014 | Dato: 14.05.2014
– Regjeringa vil auke innsatsen for ein trygg digital kvardag for både næringslivet og innbyggarane. Difor må vi styrkje beredskapen, halde oppe eit høgt sikkerheitsnivå og sørgje for høg kvalitet for brukarane, seier næringsminister Monica Mæland.
– Regjeringa vil auke innsatsen for ein trygg digital kvardag for både næringslivet og innbyggarane. Difor må vi styrkje beredskapen, halde oppe eit høgt sikkerheitsnivå og sørgje for høg kvalitet for brukarane, seier næringsminister Monica Mæland.
– Digital kommunikasjon skal no vere førstevalet i kontakten til og frå det offentlege. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Brønnøysundregistra og Altinn med 14,7 millionar kroner for å gjennomføre sikringstiltak i 2014, seier Mæland.
Brønnøysundregistra og Altinn har samfunnskritiske funksjonar og har skjermingsverdige objekt. Brønnøysundregistra har kontrollert sikkerheita i etaten, i samarbeid med Nasjonal sikkerheitsmyndigheit. Det dannar bakgrunnen for at regjeringa vil styrkje sikkerheita.
– Nesten 90 prosent av dei som brukar Brønnøysundregistra meiner opplysningane dei sender inn blir behandla på ein sikker måte. Med denne løyvinga vil regjeringa at det skal bli endå sikrare, seier Mæland.
Brønnøysundregistra har fått stadig meir å seie for verdiskapinga i Noreg. Gjennom forenkling og digitalisering bidreg Brønnøysundregistra til at kontakten mellom det offentlege og næringslivet og innbyggarane blir enklare.
– Næringslivet sparer milliardar kvart år på å bruke Altinn. Elektroniske skjema og tenester betyr lågare kostnader og mindre ressursbruk. Det er enkelt og gull verdt for norske bedrifter, seier Mæland.
Altinn er den einaste løysinga i verda som kan tilby digitale tenester frå start til slutt i livsløpet til ei bedrift på ein og same stad. Nyttig informasjon for næringsdrivande, tenester for etablering, innlevering knytt til dei viktigaste oppgåvepliktene, meldingsutveksling og gjennomføring av fusjon og fisjon og avvikling er alle tilgjengelege i Altinn.
– Noreg er i verdstoppen for elektroniske tenester til næringslivet. Det gir norske bedrifter eit konkurransefortrinn. Difor må vi sørgje for at Altinn både har god sikkerheit og er enkel i bruk, seier Mæland.
Les fleire nyheter frå revidert nasjonalbudsjett: