Historisk arkiv

Prøveordning med kvotebyte i loddefisket for ringnotflåten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

- Vi innfører no ei ordning med kvotebyte for ringnotflåten i fiske etter lodde ved Island og i Barenshavet. Det er ei prøveordning for 2014, som vi innfører etter ønskje frå flåten, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Formålet er å legge til rette for ei lønnsam og tenleg gjennomføring av desse to fiskeria, seier fiskeriministeren

- Vi innfører no ei ordning med kvotebyte for ringnotflåten i fiske etter lodde ved Island og i Barenshavet. Det er ei prøveordning for 2014, som vi innfører etter ønskje frå flåten, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Formålet er å legge til rette for ei lønnsam og tenleg gjennomføring av desse to fiskeria, seier fiskeriministeren.

Ordninga går ut på at to samarbeidande fartøy i ringnotflåten kan byte loddekvotar innbyrdes, slik at eitt av fartøya kan fiske begge fartøya sine loddekvotar i Barentshavet, medan det andre fartøyet får fiske begge fartøya sine loddekvotar ved Island. –På denne måten tek vi også vare på mannskapa sine interesser, seier Aspaker.

Berre to fartøy kan delta i kvart kvotebyte, og bytet må gjelde heile kvoten. Eitt fartøy kan ikkje delta i meir enn eitt kvotebyte i løpet av 2014. Også fartøy med leigefartøyløyve kan delta i ordninga. Fartøy som ønskjer å delta i kvotebyteordninga må sende melding til Fiskeridirektoratet innan ein fastsett frist. Grunnen til at denne ordninga blir innført er dei låge kvotane på lodde, og dette tiltaket kan gje betre økonomi i fisket. 

Nærings- og fiskeridepartementet understrekar at dette er ei mellombels prøveordning. Departementet vil vurdere effekten av ordninga og ta dette med i det vidare arbeidet med kvotesystemet.

Les forskriften her.

For mer informasjon: seniorrådgjevar Christian Wormstrand , 926 43 900