Val av tomt for nytt bygg for Brønnøysundregistra
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Nr: 10/2014 | Dato: 30.01.2014
Næringsminister Monica Mæland har avgjort kvar det nye bygget til Brønnøysundregistra skal byggast.
Val av tomt for nytt bygg til Brønnøysundregistra har engasjert lokalsamfunnet i Brønnøysund. Næringsminister Monica Mæland har vurdert dette grundig, og fått innspel frå Brønnøy kommune samt leiing og tilsette ved Brønnøysundregistra. No er tomtevalet tatt, og det vil bringe byggesaka eit langt steg vidare.
– Eg er glad for å fortelje at det nye bygget til Brønnøysundregistra skal byggast i Schrøderkvartalet. Dei tilsette ved registra har i lang tid hatt krevjande arbeidsforhold, og no skal dei få eit nytt, moderne bygg, seier næringsminister Monica Mæland.
Ved val av tomt er det lagt vesentleg vekt på at aktiviteten til Brønnøysundregistra kan samlast på ein stad. Tomta tek òg omsyn til behovet for plass på lang sikt. Det er lagt stor vekt på at Brønnøy kommune ønskjer å ha bygget i sentrum og at leiing og tilsette ved Brønnøysundregistra meiner ei sentrumsløysing er attraktiv.
– Det nye bygget skal bidra til å profilere både Brønnøysund og Brønnøysundregistra på ein positiv måte. Eg er glad for at Statsbygg er godt førebudd til å jobbe vidare med prosjektet. Det skal dei gjere i nært samarbeid med kommunen og Brønnøysundregistra, seier Mæland.