Oppdrettarar må betale for rømt fisk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 06.02.2015
Fiskeriministeren pålegg næringa å finansiere utfisking av rømt oppdrettsfisk.
- For første gang får vi no på plass finansiering av systematisk utfisking eller andre tiltak for å fjerne rømt fisk. Det er eit stort steg i rett retning for å minske den genetiske påverknaden rømt oppdrettsfisk kan ha på villaksen, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Regjeringa vil praktisere prinsippet om at forureinar betaler i havbruksnæringa. Forskrifta skal sikre at det blir sett i gang tiltak i elver der innslaget av rømt oppdrettsfisk er høgt, og den skal kunne finansiere gjenfangst etter rømming der ein ikkje veit kven som eig fisken, også i sjøen.
I dei tilfella ein veit kven som eig fisken, gir eksisterande regelverk styresmaktene heimel til å krevje at oppdrettar finansierer utfisking og gjenfangst. Den nye ordninga sikrar at næringa også får rekninga når eigar er ukjend.
Ordninga bygger på miljøfondet til Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening. Det blir etablert ei samanslutning fristilt frå organisasjonen, der det blir obligatorisk å delta.
- Denne løysinga vil medverke til å ansvarleggjere næringa samtidig som vi får ei ordning som er effektiv å administrere, seier fiskeriministeren.
Styresmaktene skal stå for overvakinga av rømt oppdrettslaks i elvar. Det er opp til fiskeristyresmaktene i samarbeid med miljøstyresmaktene å bestemme kva for elver som skal overvakast frå år til år. Det er denne overvakinga som skal leggast til grunn når innslaget av rømt fisk i elvane blir berekna. Til no har den årlege overvakinga berre dekt eit fåtal elver. Frå 2014 har regjeringa auka løyvinga til denne overvakinga vesentleg.
- Fisk er det fremste bidraget Noreg har til matproduksjonen i verda, og havbruk kan bli ei stor og viktig framtidsnæring for Noreg. Men det avgjerande for vekst at produksjonen skjer på ein berekraftig forsvarleg måte, seier Aspaker.
Oppdrettarar som merker fisken blir fritekne for medlemsavgift.
- Tida er ikkje inne for å innføre obligatorisk merking, men vi har forma ordninga slik at ho skal stimulere næringa til å utvikle og ta i bruk sporing, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.