Støtte til Arctic Race of Norway
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Statsbudsjettet 2016
Pressemelding | Dato: 07.10.2015
Regjeringa foreslår å støtte sykkelrittet Arctic Race of Norway med inntil 15 millionar kroner per år i 2016, 2017 og 2018. Støtta føreset at ho kan bli gitt i tråd med regelverket i EØS-avtalen.
- Arctic Race har på berre få år blitt eit stort, internasjonalt sykkelritt. Rittet skapar positiv aktivitet i Nord-Noreg, seier næringsminister Monica Mæland.
Nærings- og fiskeridepartementet er i dialog med EFTAs overvåkingsorgan (ESA) om korleis myndigheitene kan støtte sykkelrittet i tråd med regelverket om statleg støtte. Desse reglane skal sikre at næringsdrivande i heile EØS-området har føreseielege konkurranse- og rammevilkår.