Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Mæland til Japan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Monica Mæland besøkjer Japan 23.–26. januar 2017 for å støtte norsk næringsliv og lære meir om japansk økonomi.

Ho ynskjer også politiske samtalar for å diskutere aktuelle spørsmål om nærings- og handelspolitikk.

- Norske verksemder må ut i verda for å lykkast. Japan er ein stor marknad med sterk kjøpekraft, og norske verksemder har mykje å tilby, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Japan har i fleire tiår vore ein av Noregs viktigaste eksportmarknader utanfor Europa. Mange verksemder har gode relasjonar med partnarar i Japan. Tradisjonelle sektorar som maritim sektor og sjømat står sterkt, men det er aukande fokus på nye næringar, mellom anna fornybar energi og avansert teknologi som robotisering, automatisering og finansteknologi.

- Eg  ynskjer å sjå på kva norske verksemder kan tilby Japan, og kva japanske verksemder kan tilby Noreg. Det er viktig med partnarskap om teknologi over landegrensene i eit næringsliv som setter stadig høgare krav til effektivitet. For oss er dette særleg aktuelt nå, fordi store deler av næringslivet må omstille seg, seier Mæland.

Under besøket vil næringsministeren møte norsk og japansk næringsliv og delta på ulike arrangement med næringslivet. Ho vil også sjå eksempel på korleis japansk teknologi bruker norsk teknologi. Ein næringslivsdelegasjon blir også med på besøket.

I dei politiske møta ynskjer næringsministeren å diskutere aktuelle spørsmål, mellom anna konsekvensane av «brexit» og handelsrelasjonar mellom Noreg og Japan. Ho vil også diskutere spørsmålet om en frihandelsavtale, og korleis Noreg og Japan møter utfordringar knytt til omstilling av økonomien.

Presse som ynskjer å dekke besøket bør ta kontakt med kommunikasjonssjef Trond Viken så snart som mogeleg for meir praktisk informasjon: E-brev: tvi@nfd.dep.no, rørleg telefon: 992 18 330.

Nøkkeltal Japan 

  • Japan er verdens tredje største økonomi, etter USA og Kina
  • Eksporten til Japan var i fjor på 15,6 milliardar kroner
  • Importen frå Japan var i fjor på 16,8 milliardar kroner
  • Næringssamarbeid innan sjømateksport, maritim næring, fornybar energi og teknologi
  • Norske verksemder som er aktive i Japan er mellom anna Lerøy Seafood, Lærdal Medical, Höegh Autoliners, Elkem og Statoil