Rapport om førstehandsomsetjing er klar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 16.12.2016
Fiskeriministeren fekk rapport med råd til partane i førstehandsomsetjing av fisk om korleis omsetjinga kan gjerast enklare og betre.
-Næringa er i full gang med å modernisere og effektivisere førstehandsomsetjinga. Denne rapporten kan hjelpe partane enda eit stykke vidare i det positive arbeidet dei sjølv har starta, seier fiskeriminister Per Sandberg.
![Ekspertgruppe overleverer rapport til fiskeriministeren](/contentassets/7702eb7a14d541d7ac7364f4527a2381/forstehandomsetning.jpg?preset=article&v=1678676511)
Ekspertgruppa vart leia av børsdirektør Bente A. Landsnes, og deira rapport er eit bidrag til partane sitt arbeid med å utvikle ein marknadsplass for framtida. I rapporten får partane råd om korleis omsetjinga kan bli enklare. Ekspertgruppa gir også råd om fastsetting av minstepris, omsetjingsformer og forretningsregler.
Stortinget vil bli orientert om innhaldet i rapporten på eigna måte.
![](/contentassets/7702eb7a14d541d7ac7364f4527a2381/forstehandomsetninga.jpg?preset=article&v=1953442681)