Historisk arkiv

Statleg koinvesteringsfond for Nord-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa foreslår å opprette eit statleg koinvesteringsfond for Nord-Noreg. Det nye fondet vil gi om lag 260 millionar kroner til nye prosjekt i regionen.

– Regjeringa prioriterer Nord-Noreg. Vi foreslår nå å opprette eit nytt koinvesteringsfond, der staten og private saman investerer i unge, innovative bedrifter i landsdelen. Målet er meir verdiskaping og innovasjon, og fleire nyetableringar, seier næringsminister Monica Mæland.

Regjeringa ga pengar til eit nytt såkornfond for Nord-Noreg i 2015, men det viste seg vanskeleg å hente inn tilstrekkeleg privat kapital til fondet.

Nå foreslår regjeringa å bruke pengane til å opprette eit nytt statleg koinvesteringsfond. Her kan private investorar delta i enkeltprosjekt i staden for å skyte inn pengar i eit fond. Investeringsfondet skal utløyse privat kapital til unge, innovative bedrifter i Nord-Noreg.

Staten går inn med til saman 132,3 millionar kroner. Private investorar skal delta med minst like mykje som staten i enkeltinvesteringar og oppfølgingsinvesteringar. Dei skal sjølv velje ut og følgje opp investeringane i bedriftene.

– Investorane kan bidra med noko innovative bedrifter ofte er på jakt etter: pengar og kunnskap. Tilgang på kapital og kompetanse er ein viktig del av regjeringa sin gründerpolitikk, seier Mæland.

Fakta

* Innovasjon Noreg skal forvalte fondet på vegner av staten.
* Innovasjon Noreg skal vere ein passiv forvaltar, og skal klarere dei private investorane som skal velje ut og følgje opp investeringane i bedriftene.
* Pengane skal investerast i unge innovative bedrifter som er yngre enn sju år etter første kommersielle sal.
* Bedriftene skal vere lokaliserte i Nord-Noreg.