Vil ha fleire grøne innkjøp
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 24.04.2017
Staten og kommunane skal ta omsyn til klima og miljø når dei kjøper varer og tenester. Ei ny forskriftsbestemming skal bidra til fleire grøne innkjøp.
- Det offentlege handlar for 480 milliardar kroner i året. Det er viktig at vi brukar innkjøpsmakta på ein god måte. Nå legg vi til rette for fleire grøne innkjøp, seier næringsminister Monica Mæland.
Nærings- og fiskeridepartementet har vedtatt ei ny forskriftbestemming om miljø og klima i offentlege anskaffingar.
Den nye forskrifta seier at oppdragsgjevarar skal legge vekt på å redusere belastninga på miljø og fremme klimavenlege anskaffingar. Dei kan stille miljøkrav i alle trinn av anskaffingsprosessen der det er relevant og knytt til leveransen. Der miljø er eit kriterium for tildelinga, bør det som hovudregel vektast minimum 30 prosent. Det inneber at når oppdragsgivaren skal ta stilling til kven som får kontrakten, så skal kriterier for miljø telle minst 30 prosent samanlikna med til dømes pris og kvalitet.
Undersøkingar viser at staten og kommunane ikkje legg nok vekt på miljø når dei kjøper inn varer og tenester. Svært få spør om kva innkjøpet vil koste miljøet. Og når dei stiller miljøkrav, er dei ofte uklare og vanskelege å evaluere.
-Den nye lova om anskaffing pålegg det offentlege at innkjøp skal bidra til betre miljø, og fremme klimavennlige løysingar der dette er relevant. Stat og kommunar må bruke innkjøpsmakta si meir aktivt som eit verkemiddel i omstillinga til eit lågutsleppsamfunn i Noreg, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
-Oppdragsgjevarar i stat og kommune treng tilgang på veiledning og må få auka kompetanse på grønne anskaffingar.. Difor har vi styrka Direktoratet for forvaltning og IKT, slik at dei kan rettleie og støtte det offentlege med å fremme grøne innkjøp, seier Mæland.
Regjeringa styrka Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) med 15 millionar kroner i budsjettet for 2017.
Den nye forskriftsbestemminga trer i kraft frå 1. mai.