Vil samle dei marine miljøa i Bergen i eit nybygg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2017
Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner i budsjettet for 2018 til vidare utgreiing av samlokalisering av Havforskningsinstituttet, NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning og Fiskeridirektoratet i eit nybygg i Bergen.
- Vi treng meir forsking og raskare utvikling av regelverk for å realisere næringspotensialet i havet og langs kysten. Ei samlokalisering mellom forskingsinstitutta og Fiskeridirektoratet kan gi betre og raskare kopling mellom nye forskingsresultat og utvikling av regelverk, seier fiskeriminister Per Sandberg.
I januar mottok Nærings- og fiskeridepartementet ei konseptvalutgreiing (KVU) om framtidig lokalisering av marine FoU-verksemder i Bergen. KVUen er no kvalitetssikra (KS1). Både KVU og KS1 tilrår at Havforskningsinstituttet, NIFES og Fiskeridirektoratet samlokaliserast i eit nybygg.
- Bergen er eit kraftsentrum for marin forsking og utvikling. Ei mogleg samlokalisering i eit nybygg vil vere eit løft for forsking, forvalting og næringsliv og gjere oss betre rusta til å leggje til rette for den framtidige berekraftige veksten vi ser komme, seier Sandberg.
Vedlegg
Konseptvalgutredning for lokalisering av marine FoU-virksomheter i Bergen (KVU) [nettside]
Kvalitetssikring av beslutningsunderlag for konseptvalg (KS1) [pdf]