Statsbudsjettet 2019:
10 millionar til digitalstrategi
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2018
Regjeringa foreslår å bruke 10 millionar kroner på å følge opp anbefalingane frå Digital21-gruppa.
Tidlegare i haust fekk næringsministeren ein strategi med 64 forslag til digitaliseringstiltak frå Digital21-gruppa. Regjeringa foreslår å bruke 10 millionar kroner på å følge opp strategien.
– Noreg skal vere leiande på nye, digitale løysingar. Samtidig er det mange bedrifter, og særleg dei små, som syntast dette er krevjande. Digital21-strategien gir oss mange anbefalingar om korleis regjeringa kan hjelpe næringslivet med å ta i bruk dei nyaste teknologitrendane, for ikkje å gå ut på dato, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Dei fem overordna anbefalingane i strategien er å:
- Utvikle den digitale teknologibasen som norsk næringsliv treng framover
- Sikre tilstrekkeleg og riktig kompetanse
- Sørge for cybersikkerheit
- Gjere dataressursar tilgjengeleg og sørge for god infrastruktur
- Utvikle offentleg rammeverk som gir innovasjon og digitalisering