Dobler makrellstørje-kvoten i 2018
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 07.03.2018
Reguleringa av fisket etter makrellstørje i 2018 er nå klar. Den norske totalkvoten er på 104 tonn, ei dobling av kvoten frå 2017. Av dette er det satt av 14 tonn til bifangst.
![Fiskeriminister Per Sandberg på auksjon på verdens største fiskemarked i Tokyo. Foto: NFD](/contentassets/37448d78c45745b18d3a2b1c7f0bb390/34633845884_78353d1bd6_k.jpg?preset=article&v=-282221696)
To ringnotfartøy kan få tillatelse til å fiske, med ein kvote på 45 tonn på kvar. Fiskeridirektoratet vel ut fartøy ved loddtrekking. Det blir ikkje opna for sports- og fritidsfiske. Reguleringa er i all hovudsak ei vidareføring frå 2017.
Påmelding til fisket skjer på Fiskeridirektoratet sine nettsider.