Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskeriministeren tar kampen mot fiskerikriminalitet til Bali

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Internasjonal fiskerikriminalitet og berekraftig fiske er blant temaa fiskeriminister Harald T. Nesvik vil ta opp på den internasjonale havkonferansen Our Ocean neste veke.

- Havnæringane er utruleg viktige for norsk økonomi. Kvar dag går fleire hundre tusen nordmenn til ein jobb i desse næringane. Når regjeringa set berekraftig vekst og bevaring av havet på den internasjonale dagsorden, har dette direkte konsekvensar for arbeidsplassar her heime, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Our Ocean blei lansert i 2014 av dåverande utanriksminister i USA, John Kerry. Konferansen har utvikla seg til ein viktig arena for alle som jobbar for havet.

Årets konferanse er på Bali frå måndag 29. oktober til tysdag 30. oktober.

Fiskeriministeren skal halde innlegg om berekraftige fiskerier. Han skal opne eit arrangement om vekst i havnæringane, og delta på ein pressefrukost om plast i havet. I tillegg skal han ha eit møte med Indonesias fiskeriminister Susi Pudjiastuti. Dei to statsrådane skal og vere vertskap for eit arrangement om fiskerikriminalitet.

- Internasjonalt samarbeid er nøkkelen til å handtere utfordringane vi står overfor. Vi har eit nært samarbeid med Indonesia i kampen mot fiskerikriminalitet. Og vi skal jobbe saman for å få større internasjonal oppmerksemd om fiskerikriminalitet og dei alvorlige konsekvensane desse brotsverka har, seier Nesvik.

Styresmakter, organisasjonar og bedrifter frå ei rekke land deltar på konferansen. Noreg stiller i år med to statsrådar. I tillegg til fiskeriministeren, kjem også utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Du kan lese meir om konferansen her.